«Med alle på same laget som drar i same retning skal vi få dette til»

Mykje er nytt og mykje gjer oss usikre. Eg har trua på at vi skal komme styrka ut av dette. Med alle på same laget som drar i same retning skal vi få dette til, skriv Bremanger-ordførar Anne Kristin Førde (Ap):  Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Meninger

Bremanger-ordførar Anne Kristin Førde (Ap) har skrive dette lesarinnlegget:

Bremanger kommune er i dag som alle andre kommunar i Noreg i ein særs krevjande situasjon. Dagleg får vi oppdateringar om endringar frå alle mediekanalar om korleis smitten av koronaviruset utviklar seg, og utfordringane dette kan føre til for deg som innbyggjar.

I Bremanger er vi kjende for å ta godt vare på kvarandre og det er eg trygg på at vi skal klare i tida framover!

Pr. i dag har vi ingen innbyggjarar i kommunen som har fått påvist korona smitte, men vi har etter kvart mange i karantene, og dette talet endrar seg frå time til time.

Fokus nummer ein så langt har vore å trygge våre risikogrupper som dei eldre på sjukeheimane og bebuarar i omsorgsbustadar, samt andre sårbare grupper. Vi har måtte teke ned nokre tenestetilbod, og vil i perioden framover høgst sannsynleg måtte redusere aktiviteten ytterlegare då dei som skal ivareta dei sjuke også kan bli sjuke. Derfor er vi avhengig av at alle som er friske kan stille opp for kvarandre.

Som kommune har vi arbeidd med å kartlegge kva vi har av tilgjengeleg personale, og korleis vi kan omdisponere personalet på best mogeleg måte. Mange av våre tilsette står på døgnet rundt og gjer ein formidabel jobb for at vi skal halde hjula i gang. Eg oppmodar deg dersom du anten er helsepersonell eller kan vere ein ressurs på andre måtar, om å ta kontakt. Kanskje kan du utføre arbeid for oss?

Om du som innbyggjar i vår kommune og kjem i den situasjonen at du er i karantene/isolasjon og ikkje har pårørande eller naboar som kan hjelpe deg, kan det vere hjelp å få. Frivillig-sentralen i kommunen har oppretta eit samarbeid med Svelgen- Bremanger Røde Kors og daglegvarebutikkane, slik at du skal vere trygg for at du vert ivareteken! Du kan t.d. få hjelp til å få bringa matvarer eller medisin heim til deg.

Det viktigaste du som innbyggjar kan gjere er å ta godt vare på deg sjølv, halde kontakt med naboar, slekt og vener og elles fylje retningslinjer som vert bestemt. Hald deg oppdatert på folkehelseinstituttet sine nettsider.

Mykje er nytt og mykje gjer oss usikre. Eg har trua på at vi skal komme styrka ut av dette. Med alle på same laget som drar i same retning skal vi få dette til!