«Eg er her, Geir!»

Dette lesarinnlegget er skrive av Alfred Bjørlo, ordførar i Stad kommune, og er eit svar til Geir Oldeide (Raudtt) sin innlegg Kor er du, Alfred?  Foto: Privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Alfred Bjørlo, ordførar i Stad kommune, og er eit svar til Geir Oldeide (Raudtt) sin innlegg Kor er du, Alfred?

Rødt-politikar Geir Oldeide i Kinn tek fram velkjend George Bush-retorikk av typen «den som ikkje er med oss, er mot oss» når han i innlegget «Kvar er du Alfred?» etterlyser svar frå Stad kommune på eit pågåande ordføraropprop mot vindkraft.



Svaret på Geir Oldeide sitt spørsmål er enkelt. Stad kommune fekk oppropet oversendt torsdag kveld klokka 21:33 – altså mindre enn to døgn før Geir Oldeide fann fram storslegga. Oppropet blir meldt opp for Formannskapet i Stad i møte førstkomande torsdag (3/9). Så vil svar bli sendt frå Stad kommune umiddelbart etter dette, altså mindre enn éi veke etter at vi mottok invitasjon til å signere.

Eg veit ikkje korleis slikt fungerer i Kinn, men å forankre denne type opprop i Formannskapet er normal prosedyre i Stad. Registrerer også at andre kommunar tydelegvis har fått invitasjon til å skrive under tidlegare, men så langt eg har klart å finne ut har ikkje Stad kommune fått ein slik invitasjon før no torsdag kveld, verken til min epost eller til kommunen sitt postmottak. Eg skal be postmottaket vårt ta ein ekstra sjekk i morgon, men dei brukar å ha god kontroll på slikt.

Så eg vil be Kinn-politikar Geir Oldeide vente med fleire insinuasjonar om Stad kommune før vi har drøfta saka i Formannskapet torsdag. Denne type voldsomme angrep for mangel på svar mindre enn to døgn etter at ein har fått ein invitasjon, høyrer ingen stad heime.