«Vi held fram kampen på ein ryddig og sakleg måte»

  Foto: Privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Stad Landskap ved organisasjonen sitt styre, på vegner av det styret omtalar som fredelege demonstrantar:

Stemningsrapport frå feltet

Slaget om Stad er i gong, folk! Og det er slett ikkje pent. Gravearbeidet på tilkomstvegen har starta, og allereie sett djupe spor i naturen. Store mengder gjørme og sand følgjer vatnet nedover frå anleggsområdet. Når vi ser kva ei lita grøft medfører, må vi med uro tenke på kva som vil skje når gravearbeidet når fram til Storelva. Bekymringa Fylkesmannen har gitt uttrykk for om konsekvensane for aure og anna liv i elva, er høgst reel.

Men, det er diverre ikkje berre naturen som får djupe spor i Okla-saka. Også mellom menneske i eit lite lokalsamfunn set saka spor. Spor som kanskje aldri vil gro. Fredelege demonstrantar har opplevd å få positive tilbakemeldingar frå både arbeidsfolk og politiet på si framferd ved markeringar gjennom veka. Men dei har også ved fleire høver opplevd det motsette: å verte møtt med ubehag og sinne. Trussel om politimelding. Bortvising frå område. Verbal ufinheit og kallenamn. Bygdefolk som er pågåande – for å latterleggjere folk som på fredeleg vis markerer eit standpunkt mot Okla.

Medieoppslag som går ut på å sverte motstanden mot Okla, gjev ei feilaktig vinkling av røyndomen. Det går vi ikkje med på. Vi som no driv fredelege markeringar og jobbar med saka på ulike plan, vektlegg saklegheit og ryddigheit. Vi kjenner oss difor ikkje att i skildringa som Stig Ervik, hotelleigaren på Stad, kjem med i Fjordenes Tidende søndag 6. september. Som Ervik er kjent med, vart ei gruppe demonstrantar skjelt ut i Borgundvåg, allereie måndag 31. august – i etterkant av den fredelege markeringa mellom Leikanger og Borgundvåg. Kallenamn vart nytta, og dei vart skulda for å hindre utvikling i bygda. Demonstrantane responderte med venlegheit og ro.

Folk som vidare har markert seg i Borgundvåg gjennom veka, har gjort dette på ein roleg og skikkeleg måte, utan korkje ukvemsord eller aggressivitet. Motstanden kan ikkje stå inne for alt som vert ytra om utbygginga av einskildindivid, men ingen av oss er kjent med at ord som Ervik legg fram i Fjordenes Tidende 6. september, har blitt nytta. Det er under vår verdigheit å falle til eit slik nivå. Dette er ikkje representativt for måten vi markerer motstand mot Okla-utbygginga. Vår argumentasjon held vatn, utan å nytte slike lågmålsord; vi kjempar imot at Stadlandet – eit nasjonalt ikon – skal gå tapt.

Det har vi ein demokratisk rett til å gjere, folk! Og etter vårt syn også ei plikt. Ein har rett til å vere imot Okla-utbygginga, og markere sin motstand på ein ryddig måte. Ein har sjølvsagt også rett til å vere for utbygginga, så lenge ein har ein god argumentasjon for det. Men – kva tyder det, eigentleg, «å vere nøytral» i Okla-saka? Har ein då ikkje gjort seg opp ei meining om kva som står i ferd med å skje? Har ein ei kortsiktig vinning av utbygginga? Eller er ein likesæl til at heilskapen i noko av Norge sitt mest spektakulære landskap skal øydeleggast? Det er tid for å ta stilling til kva Stad tyder for deg og meg. For Norge og for vår kollektive historie.

Ein vel sine kampar, folk! Og denne er viktig. Den handlar om noko langt meir enn lokal nabostrid og ein anleggsveg i ei bygd! Den handlar om landet vårt. Naturarven vår. Kulturhistoria vår. Vi veit kva vi kjempar for i Okla-saka. Og held fram med å føre kampen – på ein ryddig og sakleg måte!