«Takk som spør, SFE! Kva ordskifte bør eigentleg prege vindkraftdebatten?»

Dette lesarinnlegget er skrive av Wenche Hovlid Sortvik og Marita Aarvik., og er et svar til Jannicke Hovlid, SFE.  Foto: privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Wenche Hovlid Sortvik og Marita Aarvik., og er et svar til Jannicke Lindvik, SFE.

Kva ordskifte tener vindkraftdebatten, spør Jannicke Lindvik, konserndirektør- kommunikasjon i SFE (Fjordenes Tidende, 14.09). Ho tillegger vindkraftmotstandarane å kome med ei lang rekkje usanne og villeiande påstandar, og etterlyser eit felles kunnskapsgrunnlag.

For dei som har kunnskap om kvaliteten på natur og landskapsverdiane til utbyggingsområda Lindvik refererer til både på Stadlandet og på Bremangerlandet, vert det vanskeleg å ta påstandane som framkjem på alvor, og dei vert heller ikkje underbygd med faktagrunnlag.

Vi må snarare undre oss over kvar det «felles kunnskapsgrunnlaget» var då innsigelsane mot vindkraftutbyggjing på Bremangerlandet og av «Okla» på Stadt vart reist frå ei rekkje sterke fagmiljø; som døme Fylkesmann, Riksantikvar og Miljødirektoratet? Då kunnskap om dei store naturverdiane, det særprega artsmangfaldet og den rike kulturhistoria knytt til desse aktuelle områda på det sterkaste vart helde fram for å hindre at utbyggjingane skulle finne stad? Vi taler nemleg om landskapsverdiar av stor nasjonal verdi. Områder med store verdiar knytt til naturtypar og raudlista artar. Viktige kulturhistoriske verdiar. Sentrale områder for hekkande og trekkande fugl. Med andre ord – verdiar som aldri kan harmonerast med vindindustri.

Vi vert imponert over skråsikkerheta Lindvik legg for dagen i sin argumentasjon. Det krev sterk rygg å påta seg å forutsjå framtida! Nei. Drikkevatn vil ikkje bli forurensa. Og nei; heildekkande myr skal ikkje raserast. Hevdar Lindvik. Det vert vanskeleg å ta i mot ei slik skråsikkerhet, når vi veit at realisering av «Okla» i stor grad vil berøre nettopp terrengdekkande myr. «Verdiskapinga» byggjer på felles naturressursar, seier Lindvik. Og vi er samde. Naturressursar som gjennom hundrevis av år har samla CO2 i myra. Vi veit tydinga intakt myr har for klima og miljø. Kva rett kan SFE pårope seg til å øydeleggje dette, på kostnad av dei framtidige generasjonar?

Lindvik sine påstandar vert hengande i lufta, utan feste i kjelde, men kan likevel tydeleg relaterast til argumentasjonen bak eit nyleg starta opprop, der eigarane av SFE blir bedd om å trekkje selskapet ut av vindkraft. På nokre dagar har 5500 skrive under på oppropet. Det er ingen tvil om at Lindvik har grunn til å hevde at SFE har vore ein viktig samfunnbyggjar. Men vi må likevel undre oss over behovet for å markere SFE sine storhetsdagar og viktige rolle gjennom 100 år – for både offentlege eigarar, lokale lag, organisasjonar og lokalsamfunn. Det kan opplevest påfallande at SFE kjenner behov for å markere sin posisjon gjennom historia, i ein samanheng der tema er vindkraftmotstand og val av straumleverandør.

Nei, Lindvik! Protestar mot omtalte vindkraftprosjekt er ikkje retta mot dykkar 260 dyktige tilsette. På ingen måte. Og det vert feil å behandle all motstand under nemningar som Lindvik nyttar. Gjennom dei siste to vekene har fredelege demonstrantar markert sin motstand mot Okla-utbyggjinga i Borgundvåg på Stad. Dei demonstrerer ikkje mot arbeidarane frå SFE. Og dei opptrer ikkje på ein «urimeleg» måte. Nei. Tvert imot Lindvik sine påstandar, har demonstrantane fått positive tilbakemeldingar på si framferd frå arbeidsfolka; både frå entreprenør og SFE-arbeidarar. Dei har ikkje kome med ukvemsord. Dei har ikkje brote lova. Dei nyttar sin demokratiske rett til å markere sin motstand mot realisering av «Okla», ein konsesjon som SFE – trass i at dei no inngår som delaktige eigarar i berre 20 prosent - har søkt om, jobba for å realisere og som har blitt gjeven på feil og mangelfullt kunnskapsgrunnlag. Dei markerer sin motstand mot at anleggsarbeidet er starta opp, på ein konsesjon som skal inn til ny vurdering, og der fleire dispensasjonssaker enno ikkje er behandla i Stad kommune. Vi kjenner nemleg heile historia. Og veit at Okla-konsesjonen aldri hadde kunne bli ein realitet, dersom ikkje ein feilaktig, villeiande og mangelfull miljørapport frå ny utgreiing i 2013, erstatta rapportar av høg fagleg kvalitet frå utgreiingar i 2005 og 2007. Dette bør også inngå som ein vesentleg del av ordskiftet i debatten kring «Okla».

Og – Lindvik; diverre opplever demonstrantane dagleg noko som gjer djupt inntrykk – å vere vitne til at gravemaskiner riv opp både utryddningstrua kystlynghei – og store areal med terrengdekkande myr! Nettopp det som i fylgje Lindvik «SFE ikkje vil gjere»!