«Nedbygging av verdifull natur er ikkje ei god klimaløysning»

Dette innlegget er skrive av Olve Steinset, leiar i Raudt Bremanger.  Foto: Åge Senneset

Meninger

Dette innlegget er skrive av Olve Steinset, leiar i Raudt Bremanger.

Raudt Bremanger seier eit klart og tydeleg nei til all vindkraftutbygging, både til havs og på land, likeins nei til elektrifisering av sokkelen i Nordsjøen med straum frå land eller vindturbinar til havs. All tilgjengeleg forsking syner at der er ingen miljøgevinst å hente ut frå slike meiningslause investeringar. Norge treng ikkje vindkraft. Ein vitskapeleg publisert NTNU-studie, av professor Leif Lia, syner at dagens norske vannkraftsystem kan produsere 15 til 20 prosent meir straum enn kva ein gjer i dag – dersom det rustast opp og utvidast. Dette svarar til 22 til 30 terawattimar (TWh). Like mykje straum som all planlagt norsk vindkraft på land.

Fleire lokalsamfunn kjempar mot denne øydelegginga av uerstatteleg naturrikdom. Nedbygging av verdifull natur er ikkje ei god klimaløysning. Den siste rapporten frå FNs naturpanel syner at tapet av natur og arter regnast som ein like alvorleg trussel som klimaendringane. Nedbygging av natur er den viktigaste årsaka til at arter og naturtypar er trua. 90 prosent av alle raudlista arter i Norge truast nettopp på grunn av arealendringar.

Øydelagde økosystem gjer natur og menneske langt meir sårbare for klimaendringar. Myr og skog er viktige både som karbonlagre og som beskyttelse mot flaum og tørke. Å bygge vindkraftverk i store samanhengande naturområde er inga løysning på klimakrisa.

Equinor, Aker og andre har no ein offensiv for ein storstilt utbygging av flytande havvind. Det krev enorme subsidiar, og vil i stor grad komme i konflikt med fiskeriinteresser, fordi dei må plasserast på same djup som på dei bankane der fiske går føre seg.

Ingen vindkraftproduksjon kan konkurrere kostnadsmessig med utbygd vasskraft i Noreg. Av NVE sine rapportar kjem det fram at vindkraft på land er minst ein halv gång dyrare enn utbygd vasskraft. Vindturbinar festa til havbotnen er to til fire gonger dyrare enn vasskraft i Noreg, og flytande vindturbinar er fire til fem gonger så dyrt som allereie utbygd vasskraft.

For å freiste skjule denne sanninga har storting og regjering gjeve vindkraftbaronane meir enn svært gunstige skatte- og avskrivingsfordelar. Ved å skattlegge vasskraft hardare enn noko anna næring i Noreg står investeringar i eksisterande vasskraft fram som ulønnsame.

Rødt Bremanger vil derfor utfordre andre parti i Bremanger kommune til å vere med på å støtte fyljande:

1. Ein krev at alle nye og planlagde vindkraftanlegg på land og til havs, i eller i nærleiken av Bremanger kommune, vert stansa.

2. Ein krev kutt i grunnrenteskatten for vasskraft for å fremme nyinvesteringar i eksisterande vasskraftverk.

3. Ein krev at gitte vindkraftkonsesjonar, som har konsekvensutredningar eldre enn fem år, må gjennomgå ny konsesjonshandsaming og konsesjonshavar som søker om utsett oppstart av drift, må få avslag.

4. Ein krev at arealavklaring i vindkraftsaker vert flytta frå Energilova til Plan- og bygningslova og gjennomførast som ordinære planar.