«Nils Myklebust sine alternative fakta»

Dette lesarinnlegget er skrive av ordførar i Kinn, Ola Teigen og er eit svar til Nils Myklebust. 

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av ordførar i Kinn, Ola Teigen og er eit svar til Nils Myklebust.

Nils Myklebust sine alternative fakta

I ulike aviser er Nils Myklebust nok ein gong ute med feilaktige påstandar om Ap. Denne påstår han at Ap er nøytrale til privatskular. Det er vi ikkje, og les Myklebust vedtaket så er det referert slik i protokollen:

Kinn kommune er positive til mangfald i det pedagogiske tilbodet i kommunen. Ei breidde i barnehage og skule kan, saman med andre faktorer som eit aktivt kulturliv, idrett og friluftsliv, vere avgjerande for dei som vurderer kvar dei skal busetje seg. Grunna forventa lågare elevtal for kommunen dei næraste åra, vil ein friskule utfordre oss ytterlegare, både på økonomi og struktur. Dei strukturelle endringane som vurderast er grep som må sjåast i samanheng med nedgang i barnetal. Difor vil det på noverande tidspunkt ikkje vere ønskeleg med ei etablering av ein Montesorriskule i Florø.

Vedtaket fekk 27 stemmer frå Ap, R, H, V og SV. KrF, MDG, Frp og SP stemte imot.

Utdanningsdirektoratet viser også i sitt svarbrev til Kinn kommune datert 28.01. at dei oppfattar at kommunen ikkje ynskjer etablering av ein slik skule.

Kva Sp står for i denne saka er vanskeleg å forstå. Særleg komplisert blir det når Nils Myklebust skuldar Ap for å vere for (noko vi er imot), medan han sjølv brått er positiv til det han kritiserer Ap for.

Eg spør så Myklebust følgande eg gjerne vil ha svar på:

1. Kvifor skuldar du Ap for noko vi beviseleg ikkje er for?

2. Og dersom du meiner at om Ap skulle vere positive til privatskule (noko vi ikkje er) og at vi er berettiga kritikk for det, kvifor er du då sjølv for? Er ikkje det dobbeltmoral?

3. Med 500 færre elevar i skulen, har Nils Myklebust og Sp tenkt å forhalde seg til det, eller vil ein late som om elevane og finansieringa ikkje forsvinner?