«Arbeidsplassar står på spel - Ikkje kødd med EØS»

Dette lesarinnlegget er skrive av Torbjørn Vereide, stortingskandidat for Arbeidarpartiet.  Foto: privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Torbjørn Vereide, stortingskandidat for Arbeidarpartiet.

Som det største eksportfylket i landet kan vi ikkje sjå oss råd til å gamble med arbeidsplassane våre. Difor seier vi i Arbeidarpartiet nei til å melde oss ut av EØS-avtalen. Her er det for mykje som står på spel. Arbeidslivet vårt treng meir tryggleik, ikkje mindre.

For nokre veker sidan hadde eg gleda av å møte dei som jobbar på Pelagia i Måløy. Ein av dei var hovudtillitsvald Endre Sekse. Han er krystallklar: Sjølv om han har stemt nei til EU i begge folkeavrøystingane, så åtvarar han på det sterkaste mot å kaste oss inn i det same kaoset som Storbritannia har gjort.

Den dagen vi er ute av EØS, blir fisken frå norsk sektor ilagt 20 prosent toll ved vidare sal til EU. Då vert det uråd å drive konkurransedyktig. Det rammar ikkje berre Endre og kollegaene, men òg dei lokale bedriftene som er inne i Pelagia med alt frå kantine og vedlikehald til reinhald og transport.

For den kraftkrevjande industrien og leverandørindustrien vil eit norsk Brexit-kaos vere katastrofalt. Nyleg gjekk fleire lokale Hydro-tillitsvalde ut og viste til kva som hadde skjedd med den britiske bilindustrien dei siste åra. Dei fryktar det same kan skje med deira arbeidsplassar her til lands. Det vil vere kroken på døra for fleire.

EØS-avtalen er ikkje perfekt. Sidan det var utvida mot aust for 15 år sidan har vi sett utfordringar i fleire delar av arbeidslivet. Det må vi ta tak i. Men det er forskjell på å rydde rommet og rive huset.

Folk som bur her fortener BÅDE ryddige arbeidsforhold OG ein jobb å gå til. Det kan ikkje vere enten-eller. Difor er linja vår klar: Nei til sosial dumping. Ja til EØS. Heldigvis er det stort rom for å lykkast med det første, innanfor avtalen. Men då treng vi
ei regjering som står på arbeidstakarane si side.

No er det på tide at det blir vanlege folk sin tur igjen. Det får vi ikkje med å kaste landet ut i eit tiårig Brexit-kaos. Som det største eksportfylket i landet kan vi ikkje sjå oss råd til å gamble med arbeidsplassane våre. For mykje som står på spel.

Difor seier vi i Arbeidarpartiet nei til å melde oss ut av EØS-avtalen.