«Veit du kva du snakkar om, Erling Sande?»

Ola Teigen.  Foto: Gjert Myrestrand

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av ordførar Ola Teigen i Kinn kommune og er eit svar på dette innlegget frå stortingskandidat for Senterpartiet, Erling Sande.

Same dag som Bremanger kommune vurderer nye kutt i kulturskulen og held kultursjefstillinga vakant, går det ut pressemelding frå Norsk kulturskuleråd. Kulturskulen i Kinn blir framheva i stortingsmeldinga om barne- og ungdomskultur for særleg tilbodet til barn i SFO, eit lågterskeltilbod som introduserer kulturskulen til nye nysgjerrige barn. Torsdag får kommunestyret informasjon om TIBIR-satsinga i kommunen som regionale leiarar trekk fram som svært bra og langt framme nasjonalt. I vinter vann Kinn kommune nasjonal pris for kvaliteten i eldreomsorga. I februar var vi ein av 3 kommunar som kjempa om å vere den mest næringsvenlege kommunen i landet.

Men Erling Sande har lese i aviser at Kinn ikkje fungerer. Etter eitt år som ny kommune kan Sande felle dommen over kommunen. Vi sparar for lite pengar, meiner han. Kanskje det er på kulturskule eller eldreomsorg han meiner vi bør knipe inn? Vel, sjølv om han meiner vi ser rare ut vil eg påstå at vi klarar oss bra samanlikna med kommunar som ikkje har slege seg saman. Ikkje minst så har vi eit klart mål, det er å satse og utvikle kystregionen.

Sande og Senterpartiet skal oppheve samanslåingar vedtatt frå 2013-2021. Både kommunar og fylkeskommunar skal vekk. Eg håpar verkeleg ikkje Vestland med fylkesordførar Jon Askeland forsvinn. Aldri har eg opplev ein meir demokratisk og inkluderande fylkeskommune enn den vi har i dag. Digitaliseringa gjer at vi er like nær makta uansett kor ein bur i fylket.

Å oppløyse ein kommune er ikkje å knipse i fingrane slik ei grensejustering er, i den grad den er det. Når kommunar skal gjenoppstå krev det ein meir omfattande prosess enn når vi slo oss saman. Dei nye kommunane må førebuast slik fellesnemndene førebudde Kinn og Vestland. Administrasjonar må tilsettast. Vi Sp gje desse reverseringsreformstøtte? Om ikkje må ein ta av drifta som elles ville gått til skule og omsorg. Og kva vil Sp gjere om Statsforvaltaren meiner at tidlegare kommunar ikkje vil kunne gje lovpålagte tenester til innbyggarane sine? Vil Sp likevel vise til trumfe dette og vise til ei folkeavstemming?

For å styre ein ny kommune må ein også ha folkevalde. Det betyr at tidlegast i valet 2023 kan eit nytt kommunestyre eller fylkesting velgast med verknad frå 2024. Kva trur Sande og Sp dette vil gjere med investeringslysta i separasjonskommunane? Kva trur Sp vil skje med dei 250 millionane som fylket vil bruke på Måløy vidaregåande skule? Dei blir sjølvsagt strokne. Det er ingen som er i separasjonsforhandlingar som går i gang med å bygge hus ilag. Er det ikkje umusikalsk å investere tungt i samanslåingskommunar så er det i alle fall det i kommunar som skal delast.

Bryggja-oppgjeret har vist oss kor komplisert ei deling er. Å dele kommunar og fylker er langt meir komplisert. Kommunar eller fylker vil kutte investeringar og samfunnsutvikling og halde drifta på eit minimum. Konsekvensane av det Sande og Sp går til val på er å stanse samfunnsutviklinga i 3-4 år framover. Utbygging av akva-hallen, opplæringsfarty og renovering av skulen blir stogga. For Måløy sin del vil arbeidet med ny Skram skule og brannstasjon stanse opp. Kor tid vil Sp informere velgarane om dette? Er dette til gunst for innbyggarane, Sande? Kor store kostnader skal Sp legge på innbyggarane sine skuldrar for å få oppslutning ved haustens val?

Erling Sande er ein politikar av nasjonalt format. Bruk tida på å hjelpe fram kommunane og tenestene til innbyggarane, heller enn å sette dei tilbake.