«Det er veldig kjekt å sjå kor mykje bra som skjer i Måløy om dagen»

Meninger

Dette innleget er skrive av Martin Hagen, Kvalheim

I går kom dei nye teikningane for den nye storstua i Måløy: Peak Måløy. Det er veldig kjekt å sjå kor mykje bra som skjer i Måløy om dagen.


Storstua for næringslivet begynner å fylles opp. Nå er de nye tegningene klare

Kontorfellesskapet Peak Måløy har på kort tid gått fra idé til ferdig konsept. Nå er tegningene klare, og bygget er i ferd med å fylles opp av fremtidige leietakere.


Måløy Brygge blir no pussa opp, nye Skramsgården nærmar seg ferdig, det kjem badeland i sentrum som vil skape masse aktivitet, heile Gate 1 skal pussast opp, Smartby Måløy og Måløy Byforening er i gang med arbeidet for å utvikle sentrum og Peak Måløy vil skape ei fantastisk storstue i byen. Lenger oppe er Skram skule-prosjektet i gang, det blir utarbeida teikningar for eit nytt utkikkspunkt ved stadion, kommunen skal bruke 8,5 mill på ei ny gate som utløyser mange nye tomter øverst i byen, det er full byggeaktivitet i Amondamarka, busssterminalen skal pussast opp og ny skuleveg for ungdomsskulen er er på veg. Sentrumsplan og arealplan blir oppdatert. Og då har eg endå ikkje nevnt alt det positive som skjer både på Raudeberg og i Polljen.


Imponert over farten og løsningene i kontorprosjektet

– Peak Måløy traff blink med en gang

Daglig leder i Local Host AS, Sindre Kvalheim, er imponert over hvor fort Peak Måløy har gått fra idé til realitet. Nå ser han frem til dagen da selskapet flytter inn i nye lokaler i toppetasjen i det nye kontorbygget.


Kommunen fikk for ikkje lenge sidan skryt av utbygger for samarbeidet for å få ny aktivitet i gamle Firda Canning. Utviklinga av Peak Måløy er nok eit kroneksempel på godt samarbeid i den nye kommunen. Det blir jobba tett inn mot den nye sentrumsplanen i Måløy. Dette for å knytte det til byen og gi åpne områder som alle kan bruke tilknytta sjøen og rundt bygget. Det kjem no ny skapande aktivitet i ein gammal fiskefabrikk.

Dette prosjektet viser god samhandling mellom kommunen og næringslivet sitt felles nærings- og utviklingsselskap; Måløy Vekst, næringslivet som satsar og støttar prosjektet, ein aktiv utbygger, ein god huseiger og den fantastiske planavdelinga til Kinn kommune for å utvikle byen på ein god måte. Nok en gong får planavdelinga i kommuna skryt av en utbygger for å legge til rette for gode prosessar i samarbeid med det offensive næringslivet Kinn og kysten er so heldige å ha. Når dette samarbeidet fungerer, så går utviklinga fortare og det blir meir heilhetlig utforma stedsutvikling der prosjektene er knytta godt til byen.

Skryt til utbygger og arkitekt for fine teikningar. Kjempebra! Det skjer mykje spennande både i Måløy-området og Florø-området om dagen så det er all grunn til å tru på framtida på kysten. Vil ønske alle ei god påske.