Svar til kommunedirektør Terje Heggheim  

«Vi ber deg om å legge bort alt som heiter prestisje i kjøkkensaka, start den på nytt og legg den fram for politisk handsaming»

Dette lesarinnlegget er skrive av Sidsel Kongsvik, gruppeleiar/varaordførar Sp og Nils Myklebust, leiar kinn Sp.  Foto: Svanhild Breidalen

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Sidsel Kongsvik, gruppeleiar/varaordførar Sp og Nils Myklebust, leiar kinn Sp.

Kjøkken i Måløy

Takk for raskt svar på vårt brev til deg.

Skal for orden skuld skrive kva som var spørsmålet i førre brev, sjølv om vi trudde det var greitt å forstå. Spørsmålet var om kommunedirektøren meinte at det å overta produksjon av 137 måltid per dag ikkje vil føre til fleire tilsette i Bordgleder? Til det har du svart at Bordgleder har opplyst deg om at det treng dei ikkje. Dette stiller vi oss undrande til.



Dersom vi tar utgangspunkt i at ein porsjon inneheld ca. 0,5 kg x 137 porsjonar = 68,5 kg gonger 7 dagar i veka på 52 veker i året. Dette skal lagast, klargjerast og pakkast. At dette ikkje har personalmessige konsekvensar med auke i bemanning har vi vanskeleg for å tru, og innsparinga som vert presentert er derfor kun teoretisk. I samband med framlegginga av rekneskapen for Bordgleder 2019, sa leiar at dei var pressa på plass og personale. Kva er det no som har endra seg, i og med at Bordgleder kan auke produksjonen frå 520 middagar til 657, ei auke på ca. 25 prosent , utan å auke talet på tilsette?



Kven i Bordgleder hadde du snakka med?

På styremøte den 25.03.21 skriv styret i sin årsmelding

«I samband med budsjettprosessen i desember 2020 foreslo kommunedirektøren at Bordgleder skulle overta leveransane til Vågsøy, utan at Bordgleder var informert om dette på førehand. Dette skapte unødig støy og uro.»



Ser ein på rapporten frå PWC, finn ein at kostpris i Måløy pr. måltid er kr. 138.- mens det i Bordgleder er ein samanliknbar kostpris på 172.- kroner. Ein forskjell på heile 34 kr. I Flora vert det produsert 520 middagar. Hadde Bordgleder produsert til same pris som kjøkkenet i Måløy, kunne ein spart 1.950.000,- kroner per år. Dette utan å seie opp tilsette. Dette er ei innsparing som burde vore fullt mogeleg å få til, og kommunen ville spart ca. 150 000.- kromer meir enn det du legg opp til.

Men dette har ikkje blitt vurdert i det heile teke, og det er ikkje godt nok arbeid utført. Du skriv at der ikkje skal nokon meir politisk handsaming av dette, og det er rett og slett skremmande.



Hadde du lagt opp til vanleg sakshandsaming der saka først hadde gått til helseutvalet, deretter til formannskapet og sist i kommunestyret, så hadde politikarane fått anledning til å komme med nettopp slike innspel. Men det har du ikkje tenkt å gjere. Dette er ikkje greitt, kommunedirektør.


Ansatte ved det kommunale kjøkkenet frykter ikke for egne jobber, men for brukerne

– Vi forstår at kommunen vil spare penger. Det er bare så synd at det alltid skal gå ut over de svakeste

De ansatte ved det kommunale kjøkkenet ved Vågsøy omsorgssenter i Måløy mener at en flytting av all matproduksjon til Florø til syvende og sist vil gå ut over brukerne.


Du skriv at Bordgleder kan drive meir effektivt, og kan variere meir. Du skriv også at det gjev brukarane større valfridom. Dersom Bordgleder driv så effektivt, kvifor har dei då ein høgare kostnad per måltid samanlikna med kjøkkenet i Måløy? Dvs. at dei (kjøkkenet i Måløy) som har drive godt vert nedlagde og straffa, mens dei som ikkje driv fullt så godt (Bordgleder) vert premierte. Kva valfridom har brukarane når maten er laga ei veke på førehand? Den valfridommen må vere sterkt avgrensa. Kva med matsvinn som oppstår og uføreseielege hendingar der ein person hamnar på sjukehus eller er tilbake før antatt tid.

Kvifor fekk ikkje PWC i oppdrag å vurdere andre alternative i sin gjennomgang? Var det fordi du alt hadde bestemt at dette skulle gjerast? PWC tek store forbehald i sin rapport. Dei skriv m.a. «og vi står ikkje inne for at den er fullstendig, korrekt og presis» Dette, Terje Heggheim, er ikkje å bygge tillit hos innbyggarane. Dette er det motsette. Dersom du hadde laga ei saksutgreiing og lagt fram for politikarane, så ville slike ting kome fram, prosessen hadde vore god og kunne ha blitt akseptert av innbyggarar og politikarar.

I slike saksutgreiingar så skal kommunedirektøren vege for og imot. Det burde i denne saka vore alternativ og deretter kunne du sjølvsagt ha kome med di tilråding. Det du no er iferd med å gjere, er å gi dei som kritiserte og var/er motstandarar av opprettinga av Kinn kommune rett. Rett i at det berre er ei kort stund før funksjonane i Måløy vert flytta til Florø og «nedlegginga» av Vågsøy har starta. Kva med at ingen skulle seiast opp?

Kan verkeleg kommunestyret sine representantar frå Høgre, Ap og V ukritisk stille seg bak dette?

Senterpartiet ber deg: Legg bort alt som heiter prestisje, start saka på nytt og legg den fram for politisk handsaming. Senterpartiet er heilt klar over at Kinn må spare pengar, men i denne saka, har ikkje din orientering til politikarane truverd i konklusjonen, verken for innbyggarane eller politikarane.


Mener det er mulig å flytte all kommunal matproduksjon i Kinn til Florø uten å oppbemanne der

Kommunalsjef helse og velferd i Kinn, Norunn Stavø, sier hun støtter seg på KF Bordgleder sin påstand om at det er mulig å flytte den kommunale matproduksjonen i Måløy til Florø uten å oppbemanne.



Mellom fem og åtte årsverk vil bli ramma ved nedlegging av det kommunale kjøkkenet

Om det blir slik at ein legg ned det kommunale kjøkkenet i Måløy og flytter all kommunal matlaging til Florø, er det mellom fem og åtte årsverk som vil bli ramma av kuttet, opplyser kommunedirektør Terje Heggheim.



Reagerer på flytteforslag

– Dette forslaget er heilt bak mål

Styret i Vågsøy pensjonistlag reagerer sterkt på kommunedirektøren i Kinn sitt forslag om å flytte all matproduksjon frå det kommunale kjøkkenet i Måløy til Florø. Dei fryktar samstundes at dette er begynnelsen på ei tømming av kommunale tilbod og arbeidsplassar i Måløy.





Informerte dei tilsette i Måløy om nedlegginga torsdag

Meiner ein kan spare store summar på å slå saman dei kommunale kjøkkena til eitt

Kommunedirektør Terje Heggheim leitar etter innsparingsmoglegheiter i kommunen. Eit av dei er å slå saman dei kommunale kjøkkena til eitt felles produksjonskjøkken, i Florø. Torsdag blei dei tilsette på kjøkkenet i Måløy informert.