«Bordgleder og andre gleder i Kinn kommune»

Dette innlegget er skrive av tidlegare lokalpolitikar i Flora kommune for Mdg, Martin Igland Malkenes. 

Meninger

Dette innlegget er skrive av tidlegare lokalpolitikar i Flora kommune for Mdg, Martin Igland Malkenes:

Bordgleder og andre gleder i Kinn kommune

Et bilde av et ynkelig julemåltid servert til våre eldre er ikkje berre eit bilete på korleis Kinn lagar mat til folk, eller kvar for den saks skuld. Heile debatten om Bordgleder handlar om det som er kjerna i Kinn kommune. Der Vågsøy og Flora begge var kommunar med utfordringar i bøtter og spann, fundamentert på dårleg økonomi, kom to glade arbeidarparti-ordførarar i samanslåingsrus fram til at Kinn kommune skulle frelse oss frå det vonde. Sanninga er at Kinn kommune ikkje er løysinga på nokre av utfordringane dei tidlegare kommunane hadde. Det er heller oppskrifta langt fleire og større utfordringar.

Kinn kommune er dømt til å bli eit dårlegare tilbod til høgare pris, for alle. Og kostnadane viser seg markant allereie. Ein kan berre sjå på si eiga lommebok. Det at lånerenta er på null prosent skulle være eit tilskot til privatøkonomien i krisetid. For oss som er tvungne inn i Kinn har innsparingane på renta gått rett i kassa til Kinn. Og der boligprisen nasjonalt går opp har den, i alle fall i Florø, gått ned. I følgje likninga og banken min så er huset mitt mindre verdt i dag enn for ti år sidan. Sjølvsagt meiner Kinn kommune her at huset er ein million meir verdt enn både takstmann, likning og bank, men det er som Kinn kommune, basert på kjensler og ikkje fakta. Så etter kort tid som Kinn har vi alle begynt å merke konsekvensane, både med kommunale utgifter og eigedomsskatt. Det svir i lommeboka både for folk og verksemder.

Ein kan være så positiv til Kinn ein vil og tru at debatten rundt Bordgleder og grendaskular er parentesar. Har ein litt oversikt over Kinn si økonomiske og demografiske utvikling ser ein at dette berre er starten. Færre og færre innbyggjarar skal i åra som kjem dekke høgre og høgre utgifter. Og det hjelper lite at dei som skal betale i større og større grad er pensjonistar. Sjølv om kommunen har hatt rundt 500 tilflyttarar frå aust Europa siste åra går folketalet ned. Det er eit alvorleg varsku.

Eg vil tippe at innan to år er debatten om flytting av all kommuneadministrasjon til Florø godt i gang, om ikkje i gang i praksis. Ikkje fordi Florø har fått så fint rådhus, men fordi den økonomiske situasjonen vi alle er sett i tvingar det fram. Og det blir berre ein av dei store tunge debattane som må takast for «utviklinga» av Kinn. Det er berre å telje budsjettpostar i kommunebudsjettet. Alt skal sparast på.

For oss i Florø kan det være underhaldande å lese Ola Teigen og Jakob Nødseth sine visjonære uttalar i lokalavisa, vel vitande om at det i størst grad vil gå ut over lillebror i Nord, Måløyværingen, hardast. Vi her nede i «Syltenburg» blir nok ikkje like hardt råka, sjølv om sparekniven går jamt og trutt her nede og.

På det tidspunktet Vågsøy og Flora kommunar trengte sterk politisk styring og ein økonomisk hestekur fekk vi servert Kinn kommune. Ødsling av skattebetalarane sine pengar på symbolpolitikk og luksus-«behov» i ein organisasjon som har alle forutsetningar for ikkje å kunne drivast økonomisk forsvarleg.

Dette prosjektet er nok langt billegare å reversere enn å drive vidare.