«Norge har ført ein feilslått ruspolitikk dei siste 50 åra. Tida er inne for eit historisk taktskifte»

Dette innlegget er skrive av Elias Eide, fylkesleiar unge Høgre og Stortingskandidat for Høgre i Sogn og Fjordane, og er eit svar på innlegget til Senterpartiet; Førebygging er å hjelpe rusbrukarar.  Foto: Privat

Meninger

Dette innlegget er skrive av Elias Eide, fylkesleiar unge Høgre og Stortingskandidat for Høgre i Sogn og Fjordane, og er eit svar på innlegget til Senterpartiet Førebygging er å hjelpe rusbrukarar.

Villeiar Senterpartiet med vilje?

I eit innlegg den 13.04.21 skriv Emma Berge Ness og Kristin Rundsveen Bøtun frå Senterpartiet uriktig om kva rusreforma eigentleg går ut på. For rusreforma går ikkje inn for ein generell avkriminalisering av narkotika slik som Senterpartiet påstår. Samfunnet skal framleis reagere på bruken av ulovlege narkotiske stoff, og vi skal framleis jobbe for at færre barn og unge testar eller startar med dette. Men vi i Høgre meiner dette må skje med andre verkemiddel enn straff, slik alle fagkunnskap tilseier.

Inga forsking syner at straff verkar for rusmisbrukarar, då må vi heller hjelpe dei. Mange har dei allereie vanskeleg, og då blir det dobbelt urettferdig å straffe dei. Rusreforma er ingen eksperiment, den baserer seg på grundig forsking og erfaringar frå andre land. Det er ei sosial reform for å få dei som slit med rus tilbake på rett køyr.

I dag stemplar vi menneske som slit med rus som misbrukarar, kriminelle og mislukka menneske. Vi som samfunn har ført ein politikk som gjer at over 300 døyr av overdose kvart år. At Senterpartiet trassar alle faglege, men i staden halde fram med denne straffepolitikken er eit hån mot dei svakaste i samfunnet. Det er eit hån mot dei rusavhengige, men ikkje minst familien og venner som framleis må leve med at deira næraste ikkje får hjelp.

Det er ikkje noko nytt at Senterpartiet unngår å lytte til fagkunnskap, men no er det på tide å ta av seg skylappane. I staden for å jobbe for å hjelpe fleire vel heller Senterpartiet å bruke tida si på å skape eit skilje mellom folk. No er det nok villeiing!