«Kva skjer med Vågsøy om Kinn blir reversert?»

Dette innlegget er skrive av Jacob Nødseth, leiar for plan, miljø og næringsutvalet i Kinn kommune (V).  Foto: Gjert Myrestrand

Meninger

Dette innlegget er skrive av Jacob Nødseth, leiar for plan, miljø og næringsutvalet i Kinn kommune (V):

«Målet er å få kommunen løst opp, og så gå videre derfra. Vi skal ikke rote oss inn i å fortelle noen hva som skal skje etterpå. For her er det mange ulike meninger», seier Fredrik Smiley Egeberg (Sp) på sedvanleg lettvint vis til Fjordenes Tidende den 15. april. Eg forstår at Egeberg og hans kumpanar ikkje vil «rote seg inn» i eit så vanskeleg tema, men la oss likevel ta eit tankeeksperiment og legge til grunn at Kinn blir reversert. To alternativ for Vågsøy sin del vil då vere aktuelle, presentert nedanfor som alternativ A og B.

Diverre treng vi ein reell debatt om kva ei reversering vil bety for innbyggjarane og næringslivet i Vågsøy. Ikkje fordi eg trur det blir ei reversering, men fordi Egeberg på imponerande vis klarer å halde liv i illusjonen om at ei reversering er betre for innbyggjarane i Vågsøy enn å gjere det beste utav Kinn kommune. Dette er eit effektivt hinder for at vi kan ha ein sakleg og tverrpolitisk debatt som handlar om korleis vi kan skape ein best mogleg kommune. Det hadde vore mykje meir konstruktivt for kommunen om alle parti kunne bruke tida si på det sistnemnte, både det som skal forsterkast og det som må endrast.

Tilbake til dei to alternativa. Det er mange kompliserande element som forvanskar ei reversering yttarlegare enn det som går fram nedanfor (til dømes korleis ein skal gjere det med tilsette som har stabs- og leiarfunksjonar, som er felles for heile den nye kommunen), men la oss halde dette og anna utanfor no slik at vi ikkje «rotar oss inn» i atter fleire komplekse problemstillingar:

A) Rest-Vågsøy blir eigen kommune

Utan Bryggja blir Vågsøy kommune færre innbyggjarar enn dei var sist dei var eigen kommune. Desse må då aleine bere kostnadane med å realisere ny brannstasjon, Skram skule og anna heilt nødvendig oppgradering av velferdstenester i kommunen. Dersom det mot formodning skulle skje ei reversering vil sjølvsagt alle investeringsprosjekt bli satt på vent og bli overført til ny kommune, om den nye kommunen har råd, for å ikkje komplisere ei oppsplitting unødig. Den økonomiske evna til rest-Vågsøy blir då avgjerande. I Firdaposten 6. juni 2019 kunne vi lese følgjande sitat frå Vågsøy sin fremste økonomibyråkrat: «Viss Vågsøy held fram med dagens drift, vil ein ha ei utfordring aleine på 51,8 millionar kroner ved utgangen av 2021. Då er også fonda brukt opp. Dei siste par åra burde det vore jobba meir aktivt med å ta ned driftsnivået i Vågsøy.» Difor er det vanskeleg å sjå korleis rest-Vågsøy vil kunne levere betre tenester og meir velferd enn i dag, utan ei massiv auke av eigedomsskatt og andre avgifter. Alternativet er å kutte, truleg må ein gjere begge deler. Utviklingsprosjekta som ligg for Vågsøy sin del i Kinn, hadde sjølvsagt blitt parkert. Som ein faktisk og relativt mindre kommune (fordi andre har slått seg saman og Bryggja har gått ut), vil det vere stadig vanskelegare for Vågsøy å bli sett og høyrt i konkurranse med andre, når statlege og fylkeskommunale midlar og tiltak skal kjempast om. Korleis er dette betre for Vågsøy enn Kinn?

B) Rest-Vågsøy blir innlemma i Stad kommune

Eit meir truleg resultat er at rest-Vågsøy blir vurdert som for liten og med så store utfordringar i drift og økonomi, at ein difor blir slått saman med Stad kommune. La meg minne om at frykta for å bli tvangssamanslått til ein slik kommune var den utløysande faktoren til at eit fleirtal av politikarar i Vågsøy starta forhandlingar om Kinn. Bykommunen ville ikkje stå i spagat mellom to veslebrør i Selje og Eid. Ulikt mange andre samanslåtte kommunar, er Kinn kommune genuint opptatt av at ikkje den eine delen av kommunen skal utarme den andre. Kinn har difor «delt kommunesenter» og fordeler arbeid, funksjonar, pengar og oppgåver mellom våre to byar, uavhengig av at Flora er dobbel så stor som Vågsøy. Korleis det vil bli for Måløy og Vågsøy i Stad kommune er sjølvsagt uvisst, men eit ikkje uvesentleg signal kan vi hente frå intensjonsavtalen til Stad kommune, og la meg sitere: «Selje og Eid er positive til at andre kommunar i regionen kan gå inn i den nye kommunen som no blir danna. Hovudmåla som er sette for den nye kommunen […]vil då ligge til grunn, samt avgjerdene som no er tatt om Nordfjordeid som kommunesenter/plassering av strategisk leiing og at plan/næring/utvikling blir lagt til Selje.» Kva er då att til Måløy? Korleis er dette betre for Vågsøy enn Kinn?

«Vågsøy representerer jo bare litt mer utmark.» Slik kommenterer Fredrik Smiley Egeberg telefonundersøkinga som viser at likesæla mot Kinn er større i Flora enn i Vågsøy. Sjølv om eg (om forhåpentlegvis mange år) vil arve ein del utmark i Vågsøy, så er Vågsøy så mykje meir enn fin natur og ein stad der eg har mine røtter og har trakka mine sko gjennom heile livet. For meg representerer Vågsøy eit næringsliv i internasjonal toppklasse, ein kommune som over tid har fått for lite fokus frå stat og fylkeskommune, og med eldsjeler som er opptatt av å gjere sin del av kommunen betre å leve i.

Vågsøy er ein sentral del av Kinn som både har mykje å vise til og samtidig har eit stort uforløyst potensial. Saman skal vi ta tak i alle utfordringane vi har i kommunen og saman skal vi gripe moglegheiter og skape verdiar. Ved å bygge kystkommunen og saman ha større tyngde i møte med fylkeskommunen og staten når deira kaker skal fordelast, har innbyggjarane i Vågsøy større moglegheit til å vinne fram. Vi må satse meir som kommune på utviklingsprosjekt som byggjer attraktivitet, fordi vi har så få andre offentlege instansar å stole på. Eg er overbevist om at dette er vår beste sjanse, i eit interessefellesskap mellom to av storsamfunnet forsmådde kystbyar, og vi må bruke han godt. Om ikkje blir vi igjen forbigått av andre medan vi står kranglande att på perrongen – kasta ut i uvissa av Smiley & co. Som tidenes understatement: Det blir rett og slett for dumt.