Ope brev

«Gode medrepresentantar i kommunestyret, er denne saka forsvarleg utgreidd? Vi reagerer på måten den er handsama på»

Dette lesarinnlegget er skrive av Kinn SV si kommunestyregruppe, Marie Øverås Jensen, Jon Valur Olafsson og Ingunn Frøyen.  Foto: Kinn SV

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Kinn SV si kommunestyregruppe, Marie Øverås Jensen, Jon Valur Olafsson og Ingunn Frøyen.

Ope brev

Vi skriv dette brevet med bakgrunn i at representantane frå Arbeiderpartiet, Høgre og Venstre i siste møte i OK-utvalet gjekk inn for å legge ned Stavang og Steinhovden skule frå august 2022.

Vi meiner at alle vi som skal vere med å gjere vedtak i kommunestyret, må vurdere nøye om denne saka er forsvarleg utgreidd, slik kommunelova § 13-1 gir pålegg om. Vi reagerer på måten kommuneadministrasjonen har arbeidd med denne saka. Det verkar som administrasjonen stør seg fullt ut på framlegget til skulebruksplanen som Norconsult har utarbeidd. Eit framlegg som ikkje er politisk handsama.

Enn så lenge eksisterer det med andre ord ingen skulebruksplan i Kinn kommune.

På spørsmål om skulebruksplanen ikkje skal handsamast, er svaret frå administrasjonen at denne delen av planen, strukturkonsept Eikefjord, Konsept 1, vert handsama i denne saka om nedlegging.

Er det denne måten kommunedelplanar skal handsamast i Kinn kommune, stykkevis og delt? Er ikkje heile poenget med ein slik plan at ein skal vurdere heile skulesektoren under eitt?

Det har også vore nyttelaust å stille spørsmål ved avgjerande premissar for nedleggingsvedtaket. Det einaste svaret ein får er at det står i «planen».

Eit døme:

Norconsult har vurdert reisetida for elevane til 45 minutt, og meiner dette er akseptabelt. Då meiner administrasjonen i Kinn det same. Norconsult seier at det er kommunen sjølv som må ta stilling til kva som er akseptabel reisetid. Dei opplyser vidare at reisetida dei har lagt til grunn er tida elevane brukar frå dei går heimanfrå til dei går inn skuleporten. I følgje utdanningsdirektoratet skal reisetida reknast frå eleven dreg heimanfrå til opplæringa startar, og frå opplæringa er slutt til eleven er heime om ettermiddagen.

I høyringssvaret frå FAU ved Stavang skule og barnehage, er det sett opp ei oversikt som viser at berre reisetida frå Standal til Florø med buss, båt og drosje, utan at det er teke omsyn til gangtid og ventetid, vil utgjere minst ein time.

Øyvind Mjønerud seier i sin uttale: «Reell reisetid med skuleskyss frå Standal/Svortevik-området og til Eikefjord er ein time. Og vi kjenner frå før tida det tek med skuleskyss til Florø. Då må barna gå ut døra heime kl. 07.15, og starte på Florø barneskule kl. 08.30, altså 75 minutt ein veg»

Korleis vurderer så administrasjonen desse opplysningane? Nøye, vert sagt. Men desse vurderingane held dei for seg sjølve.

Ingen stad i saksutgreiinga står det noko om korleis dei mange høyringsvara er blitt vurderte eller kva konklusjonar ein har drege.

Er det greitt å sette i gang ein høyringsrunde, når verken politikarane eller dei som har lagt arbeid i eit høyringssvar får vite om innspela har hatt innverknad på resultatet?

Hovudargumentet for å legge ned skulane er behovet for innsparing. Då er det merkeleg at det ikkje vert gitt svar på kva innsparing det er realistisk å oppnå ved dette tiltaket. Det har versert mange ulike beløp, og spennet er stort, frå 1,2 til 8 millionar kroner. Det vert og stilt spørsmål ved om det i det heile er innsparing å hente på grunn av ekstraskyss, endra klassedeling, tilsyn osv.

Kan ein gjere vedtak i ei sak med så store konsekvensar for barn og bygdesamfunn, utan dokumentasjon av dei økonomiske innsparingane?

Det følgjer heller ikkje konsekvensutgreiing med saka. Sjølv utan denne er det lett å sjå at dette vil ha store følgjer for bygdene det gjeld. Med slike reiseavstandar for borna vert det ikkje freistande for barnefamiliar å slå seg ned her, kanskje heller ikkje å bli buande.

Det blir vanskeleg, om ikkje umogeleg for folk med born i skulealder å ha full jobb ein annan stad. Målsetjinga er å auke folketalet i Kinn kommune. Avfolking av utkantbygdene er vel ikkje noko klokt grep i den samanheng.

Kva med barnehagen? Her er utdrag frå ein høyringsuttale:

«Barnehagen vert lagt ned. Det er det einaste som står i saksframlegget. I Norconsult sin bruksplan er ikkje barnehagen nevnt. Ein kan ikkje legge ned ein barnehage uten ei utgreiing, uten en plan, uten å gjere ei einaste vurdering. Nedlegging av barnehagen får store konsekvensar. For vår del vil det bety at 5 åringen må stå opp kl 0530 for å vere med far på vegen til jobb i Florø. Dagen blir lang, han er heime igjen kl 1630 Ifølge NHI trenger ein 5 åring 11-13 timer søvn, det betyr at vi må legge vår 5 åring senest 1830, 2 timar ette han er komt heim….

Barnehagen har nok barn til å holde åpent i henhold til Kinn kommune sine krav om grunnlag for barnahage».

Ja, kan vi legge ned ein barnehage utan utgreiing? Det er det vi vert inviterte til å gjere på komande kommunestyremøte. Det bør vi ikkje gå med på.

Kanskje vil det på sikt ikkje vere mogeleg å oppretthalde skulane og barnehagen i dette området, på grunn av nedgang i barnetalet eller av økonomiske årsaker. Men når nedlegginga no vert utsett eit år, må det vere tid til å få framlagt ei forsvarleg utgreiing. Slik kommunelova krev. Vi må kunne kjenne oss sikre på at alle fakta er komne på bordet, og at alle innspel er vurderte før vedtak ved gjort.