«Då Borten var statsminister prøvde han å rette på skamma overfor krigsseglarane, men det vart nedstemt. Og seinare gløymt»

Dette lesarinnlegget er skrive av Johan Sigdestad, Bremanger.  Bildet viser M/T Pan Aruba som Johan Husevåg, som innleggsforfattaren viser til, segla med under andre verdskrigen.   Foto: privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Johan Sigdestad, Bremanger.

Minneverdig

Viser til innlegget i Fjt. 9. april frå Kjell Askeland. Det handla om krigsseglarane, og deira møte med heimlandet, då krigen var slutt.


Tre og eit halvt år etter flukta vende Johan heim og fann glede i familielivet. Men mottakinga krigsseglaren fekk av staten sette bitre spor

Våren kom med fred i 1945. Foreldre og slekt venta med spenning på unge menn og søner som i krigsåra var reist vestover for å slutte seg til dei allierte sin krig mot naziregimet i Tyskland. På Husevågøy venta Iver og Albertine Husevåg på to søner, Johan og Harry.


Dette kom i «grevens tid», no rett før valget, so velgjane kan få litt tid, til å tenkja over kva soga seier om det som har gått føre seg, tidlegare. Dette har, no i ettertid gått i gløymeboka, for dei fleste. Trur vi nordmenn er i ei særstode, soleis. Vi er no so opptekne av å jakte på velstand, at vi har ikkje tid til det som var det viktigaste før.

Det viser no i kvardagen. Etter statistikken, har det aldri før, vore so mange einslege, her i landet som no, endå dei «styrande» Har stor omsorg for «eldreomsorgen». So her må det vera noko som har klikka. Då Borten var statsminister, prøvde han å rette på skamma overfor krigsseglarane, men det vart nedstemt, og seinare gløymt.


Harry lovte å passe på broren Johan då dei rømte til England. Det berga dei livet på

Ved synet av britiske marinefartøy i Vågsfjorden 3. juledag 1941 la fire unge menn raske planer for å flykte frå Husevåg etter kommandoraidet mot Måløy. Det vart starten på fire sjølvstendige eventyr, fylte med dramatikk heilt fram til 1946. Ein av dei fire var Johan Husevåg på 19 år.


Og no er det naturlegvis for seint, og om 100 år er alt gløymt. Ættleden som no er på veg ut, og som står bak utviklinga, har trudd at med auka velstand, vart det større lukke. No viser det seg at det har aldri før, vore so mange sjølvmord, som no.

Ser i pressa, at dei styrande har oppdaga ei negativ utvikling, når det gjeld folketilveksten her i landet. Årsaka er naturlegvis styringsmåten. No heiter det seg, at alle skal vere i arbeid. Akkurat som det ikkje var tilfelle før. Då var det noko som heitte husmor. Det var det viktigaste av alle yrke. Ho stod for stell i heimen, på alle vis. Tok vare på både unge og gamle, og sparde staten for uante utlegg. Dette måtte avskaffast, for det var for simpelt, og gav ikkje «løn».

Dette berre eitt av døma på utviklinga, og ei av årsakene til tilstanden vi no får oppleve. Kanskje det ville hjelpe med byte av styre, no ved valet. Det er sunt med konkurranse, seiest det.