«Den nye moralismen, og den gamle retorikken»

Dette lesarinnlegget er skrive av Øystein Sandøy.  Foto: Erling Wåge

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Øystein Sandøy.

Den nye moralismen, og den gamle retorikken

Det er ein herleg morgon. Litt kaldt enno, kanskje, men den skjønne våren er i kjømda. Eg nyt frukost og kaffi, og loggar meg inn på nettet for å lese avisene. Noko nytt? Jau då, den mykje omtala Superligaen er avliden i vanære, talet på nye covid-19 – smitta blir talde opp, Dagbladet sine kommentatorar har eitt og anna på hjarta som vanleg, og nokre kjendis-par har gått kvar til sitt. M.a.o. alt ved det gamle. Og ikkje minst er det tydeleg at ein valkamp er i full gang.

Sukk!!! Valet er i september, så vi kan sjå fram til eit halvår med munnhoggeri, pukking på eigne fortreffelegheiter, og andre si manglande evne til å styre denne vesle pølsebua som heiter Norge. Og til overmål: Å bli tuta øyra fulle av profetiar om ei komande klimakrise!

Er eg blitt ein gamal grinebitar? Ja, kanskje det. Men eg tilstår: Eg er møkk lei av å bli fortald av skråsikre verdensfrelsarar kva eg må ha på middagstallerkenen min. At eg som fiskar i 47 år er ansvarleg for øydelagt klima og tomt, forsøpla hav. Dieselbilen vår er ei tikkande bombe, og eg bør juble over kvar og ein bomstasjon og auka ferjeprisar. Miljøpartiet de Grønne vil hive alle klimaskeptikarar på kjettarbålet, og ei melodramatisk Greta Thunberg er vår tids Messias. Veganarane har ei stor tid midt i festmåltidet av bønner og spinat, og freistar med ein uimotståeleg meny av tang og tare. Peikefingrane hevast, den sjølvrettferdige moralismen når stadig nye høgder, og dei gamle, svovelrykande emissærane har stått opp att i ny, grøn drakt. Den nye Bibelen er Parisavtalen og «forsking viser at……»!

Eg får dessverre assosiasjonar attende til -70 – talet. Ei tid då nokre ilske krabatar frå Bryn-Hellerud – strøket i Oslo fann ut at deira syn på idealsamfunnet var det einaste saliggjerande, og med god hjelp av logrande medieaktørar dominerte og forsura kvar og ein debatt. Talet på sympatisørar var ikkje allverda, men støynivået og betrevitenheita desto meir imponerande. Den store frelsaren heitte Mao Zedong, og den heilage skrifta Mao’s lille røde. Adjutantane heitte Pol Pot, Fidel Castro, Enver Hoxha og Nicolae Ceausescu, og i spissen for dei dåneferdige groupiane i Norge fann vi namn som Tron Øgrim, Pål Steigan og Sigurd Allern. Ein «rævv’lusjon» skulle skilje den store, kvite flokk frå dei arme syndarane som nekta å ta til seg bodskapen, og the brave new world ville reise seg av ruinane.

Vi veit korleis det gjekk. Oppgitt hovudristing og himling med auga vart gevinsten på sikt. Fleire og fleire av medlemene vart leie av sjølvproletarisering, og av å føye seg etter det som til kvar ei tid måtte røre seg i hovudet til partileiarane. Media og opinionen miste interessa, og Steigan & Co viste seg meir enn symjedyktige i det hata, kapitalistiske havet. No kan vi sjølvsagt gje AKP (ml), og arvtakaren Raudt rett i enkelte ting. At rikdom og velstand burde fordelast mest mogeleg rettvist, og at den kyniske råkapitalismen måtte få klørne klipte. Men metodane deira var til dei grader forfeila, og hovudaktørane direkte usympatiske, med ein retorikk og nedlatande skråsikkerheit som fekk alle piggar ut hos den nøkterne, jordnære majoriteten av befolkninga.

På same måten kan vi gje MDG og dei mest ihuga klimakoryfeane rett i enkelte ting. At forsøpling og unødig forureining må opphøyre, og at satsing på miljøvennleg teknologi må ha prioritet. Men skal ein nå desse måla, så kan ein ikkje køyre på med moralske peikefingrar og betrevitande retorikk, lansere det eine høgtflygande forslaget etter det andre, og oppføre seg som om vi har vår eigen himmel og vår eiga atmosfære. Norge er ein liten hageflekk i utkanten av den store verdsbyen. Som utdanna navigatør har eg lært at vegen fram sjeldan er den snorrette og beine. Ligg det skjer, båar og andre båtar i kurslinja, så må ein svinge unna dei. Såpass bør «Helge Ingstad»-fadesen ha lært oss. Det heile har dessverre utarta dit at ikkje noko forslag og tiltak er så radikalt at ikkje opphavsmennene – og kvinnene kan gøyme seg bak ryggen på FNs klimapanel.

Dersom klima-profetane vil ha oss til å dra i same tauet i EIN retning, så er det ein særs dårleg ide å terge på seg dei som skal drage.