«Hjartesukk, ein pårørandeaksjon oppsummert»

Dette innlegget er skrive av Solgunn Lofnes.  Foto: Privat

Meninger

Dette innlegget er skrive av Solgunn Lofnes:

Hjartesukk, ein pårørandeaksjon oppsummert

Bremanger Kommune sende eit brev som vi mottok torsdag 28.jan, informasjon som vart ei aldri så lita bombe for oss som er pårørande til Klokkartunet på Davik. Heilt utav det blå, skal dei kutte både nattevakt og kjøken ved omssorgsenteret. Endringa skal skje allereide 1.mars, kun 31 dagars varsel.

Ordføraren var ikkje råd å få tak i før tysdag ettermiddag og imellomtida posta eg på min eigen Facebook: "Kosen og tryggleiken forsvinn utav vindauget for bebuarane frå 1.mars. Medisinsk responstid blir no uviss, ingen av dørene er motoriserte i tilfelle brann."

Eg fekk snakka med komunalråd for helse og omsorg Randi Ytrehus fredag, og måtte gråte etterpå. Sende også min første epost til kommunen, og vart litt overraska då den vart lagt ut på postliste til offentleg innsyn. Ein første leksjon i komunal saksgang. Detektivarbeidet starta for å finne tak i dei andre pårørande som er spreidde over heile landet. Dei hadde registrert tristhet, utrygghet, frustrasjon og fortvilelse hjå sine. Lista vart lang over bekymringane til bebuarane, men ingen hadde trua på at det var noko meir å gjere med saka.

Etter å ha snakka med ordførar Anne Kristin Førde på telefonen i nærare ein time, følte eg meg svært nedtrykt og aleine. Følte at det ikkje var meir eg kunne gjere, det var håplaust.

Etterpå har det skjedd mykje. Mange andre pårørande melde seg. 10 februar starta vi ein aksjonen der vi sende brev til Rådhuset med hekla hjerter og teksten "La nattevakt og kjøken på Klokkartunet bestå!" Bare frå Fanøy, der eg bur, vart det sendt 45 brev frå vener, naboar og familie og eg mottok sms og tlf frå mange andre som gjorde det same. Firdaposten ringde og aksjonen kom på trykk, vi var igang. Søster Evy Lofnes satt i Tønsberg og skreiv ope brev til rådmann Tom Joensen som vart trykt i begge lokalavisene. I Ålesund sat Arve Kolseth og ringde til stortingsrepresentantar og media.

26. februar oppretta vi Facebookgruppa Hjarteaksjonen Klokkartunet som idag har 683 medlemmer og har på desse 3 mnd hatt 343 innlegg. Vi vart også kontakta av NRK Brennpunkt. Heile 34 gongar har saka vår kome i avisene. Flotte Jenny vart nettsak på NRK som igjen vart delt på bloggen Eldrebrølet som har 18 tusen følgjarar.

Lysaksjonen 1.mars var i samarbeid med Saniteten og Davik Utviklingslag. Då samla lokalbefolkninga seg i solidaritet med bebuarane før den første natta utan nattevakt. Vestlandsrevyen var der, og innslaget til Håvard Heggen enda til slutt på Kveldsnytt. Heile 5 innslag på lokalradio neste dag og eit nytt direktesendt innslag i Vestlandsrevyen med intervju av ordførar Anne Kristin Førde etter "hastemøtet"

636 har signert underskriftskampanjen vår og Helge Andre Njåstad frå Frp tok saka til Stortingets spørjetime 10.mars. Bent Høie svarte langt og presist og viste til eldrereforma som alle kommunar må samhandle med frå neste år, hvis ikkje kan dei gå glipp av økonomisk støtte frå staten.

I løpet av 3 mnd har vi forsøkt å reise innbyggjarsak, sendt 2 klager til Fylkesmannen, vore i langvarig samarbeid med Eldreombudet, snakka med Helse og omsorgsdepartementet og Helsedirektoratet. Det er hengt opp ca 300 hjerter i nedkøyrselen til Klokkartunet. Vi hadde lyst å henge dei på sjølve gamleheimen, men har fått streng beskjed ifrå kommuneadministrasjonen at vi ikkje må uroe bebuarane meir.

Dei var 10, no er dei ni etter 1.mars. Den som måtte flytte er sårt sakna av resten av "Koronafamilien " på Davik. Dersom dei trykker på trygghetsalarmen meir enn 2 gonger, står ein i fare for å bli flytta til sjukeheimen i Svelgen. Noko som kostar Bremanger Kommune ca ein million ekstra i året.

Dørene blir låste kl 22 og nokre legg seg då, for sikkerhets skuld. Dei er å reikne som heimebuande og må kontakte hjelpemiddelsentralen om dei skal ha brannalarm som er så kraftig at tunghøyrde kan klare å vakne. Når der var nattevakt tok den ansvaret for ei eventuell evakuering. I dei lange gangane er det snart gjort å velte med rullator og sperre vegen for dei andre som også har rullator. Mor sin står pakka klar ved senga kvar kveld, med sko og tablettar, så ho skal kunne kome seg raskt ut ved ein brann. Slik var det ikkje før 1.mars

Dei veit at det kan ta 40 min og kanskje opptil ein time å få hjelp. Dersom ein pårørande står på utsida etter kl 22 så kjem dei seg ikkje inn. Det minste Bremanger kommune kan gjere er å settje inn ein kodelås på ytterdøra slik at ein lege eller andre som vil inn å hjelpe slepp å skaffe tak i ein nøkkel?

Det skal det vere lov å ytre meininga si og seie seg ueinig med ei komuneleiing. Dei er godt betalte leiarar og må tåle å bli motsagde. Den 5.mars hadde eg eit nettmøte med kommunalsjef Ytrehus og ordfører Førde, og opplevde dei då som lite imøtekommende. Innbyggersaka vår vart avslått av ordfører 24.mars.

Klagen på avslaget sende vi 25.mars. Den er ikkje besvart enno, sjøl om vi purra sist veke.

I staden for å lytte, gjentek dei sine mantra om tenester og nivå. Vi har endåtil opplevd at dei har gjort framstøt for å skade Hjarteaksjonen sitt omdømme.

Vi prøvar no å få igang ein god dialog med kommunepolitikarane før kommunestyremøtet 29.april. Vi håpar på ein ryddig debatt og at det no blir fortgang i saka. Desse siste månadane har vore tøffe for oss alle og ikkje minst for bebuarane på Klokkartunet. Men dei følg med og har trua på oss!