«Spelet om betre kommuneøkonomi runde 1: grendeskulane»

Dette lesarinnlegget er skrive av Øyvind Mjønerud. Illustrasjonsfoto   Foto: Louise Nygaard

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Øyvind Mjønerud.

Spelet om betre kommuneøkonomi runde 1: grendeskulane

Spelet om betre kommuneøkonomi er i gang, og administrasjonen slår seg saman med dei politiske partia Arbeiderpartiet, Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti og varslar at første runde skal gå mot spelarane Stavang og Steinhovden.

Dei små spelarane må bort frå spelebordet før eg skal opp mot dei store, seier administrasjonen. Sjølv om spelaren frå Stavang er liten, har ho vore gjennom nokre rundar mot administrasjonen tidlegare. Men dei førre rundane har dei både hatt dei beste korta, og starta med flest sjetongar på bordet. Denne gongen er det annleis. Administrasjonen varslar at han sit på gode kort, og det ser ut som han startar med fleire sjetongar. Det vert gjort klart at her skal spelast med opne kort.

Kva for kort får eg tildelt denne gongen, tenkjer Stavang. Dealaren langar over første kort, og tilsyne kjem eit ess. Norconsult rapporten viser at innsparingspotensialet er på berre 1,2 millionar kroner. Stavang har ikkje mykje pokerfjes, smiler og gjer det heilt klart for motspelaren at ho startar med eit godt kort.

Neste kort er like godt, nok eit ess. Norconsult og kommunen trur reisetida til alternativ skule er berre 25-30 minutt mellom Stavang og Eikefjord. Rutetabellar og reisetider med buss viser at den reelle reisetida vil vere omtrent det dobbelte.

Stavang begynner å få sjølvtillit, og skjønar no at dei ligg godt an før dei siste korta kjem på bordet.

Neste kort er ein konge. Norconsult har ikkje tatt omsyn til at kommunen må dekke ekstra skuleskyss dei dagane klassane sluttar på forskjellige tider. Det vil også komme ekstra skysskostnader ved at foreldra no kan velje mellom Eikefjord Skule og Florø Barneskole. Innsparingspotensialet minkar betrakteleg.

Så kjem ein konge til, og Stavang sit med to par med ess og kongar før siste kort blir delt ut. Ved fleire av årstrinna ved Florø Barneskole skal det svært få elevar til før det blir klassedeling. Dette kan bli dyrt for kommunen. Er innsparingspotensialet heilt borte?

Siste kort blir delt ut. Nok eit ess og fullt hus for Stavang. Skulenedlegging kan gi auka fråflytting og mindre tilflytting. Dette betyr noko for inntektene til kommunen, og ikkje minst er tilflytting noko Arbeiderpartiet, Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti er opptekne av. Denne handa kan då aldri administrasjonen matche.

Kva for kort kommunen har på si hand, veit ikkje Stavang. Kommunen har varsla at dei har gode kort. Innsparinga er stor, har Stavang fått høyre. Eit stort tal som er ein del av 8 millionar, men ikkje noko reknestykke eller vidare forklaringar. Administrasjonen varslar at han skal presentere si hand, ved eit bord kalla folkemøte. Der vil dei også at Stavang skal presentere si hand.

Etter nokre avlysingar og litt masing frå Stavang si side møtast dei to spelarane ved folkemøte. Stavang presenterer si hand med stor sjølvtillit og konfronterer samtidig motspelaren med ei lang liste brot på spelets reglar. Kommunen som tidleg fortalde at dei ville spele med opne kort, har skifta taktikk. Dei held korta tett til brystet. Men dei kan fortelje at dei har svært gode kort. Dei har både tilgang til budsjettet , og fasiten, kan dei fortelje. Innsparinga i Stavang er framleis eit høgt tal. Eit høgt tal som inngår i 8 millionar. Kommuneadministrasjonen er ein erfaren spelar. I starten av folkemøtet presenterer dei ei sjølvsikker haldning, og eit pokerfjes som er vanskeleg å lese, men mot slutten av møtet meiner Stavang at sveitte panner og flakkande blikk kan tyde på at motspelaren prøver seg på ein bløff.

29. april skal denne runden avgjerast. Tilsynelatande kan det sjå ut som både Arbeiderpartiet, Høgre og Venstre let administrasjonen spele med alle deira sjetongar. Har dei ikkje lyst til å sjå administrasjonen sine kort før dei går all-in? Kva for kort kan administrasjonen sitte på? Kva er betre enn rapporten til Norconsult? Tar dei tre partia sjansen på at administrasjonen bløffar utan at dei små spelarane har nok sjetongar til å syne administrasjonen hand? Eller tenker dei at ein bløff er likeverdig med ei god hand, så lenge dei slepp å møte dei minste spelarane til nye rundar. Spelet er rått, og runda mot Stavang og Steinhovden var berre oppvarminga.