«Vi må ta dei naudsynte, radikale grepa så også ungdomen har ei framtid å glede seg til»

«Vi må ta dei naudsynte, radikale grepa så også ungdomen har ei framtid å glede seg til»  Foto: MDG Sunnfjord

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Marius Dalin, fyrstekandidat for Miljøpartiet Dei Grøne til Stortinget

Havvind og havnatur

Grøn kraft på blått hav?

MDG meiner at ein må tore å satse på havvind. Havvind er ei investering – ikkje ein kostnad – for framtida. Samstundes vil vi verne store havområde, lytte til dei faglege råda og gjere vårt for at havet skal vere i betre stand om 30 år enn i dag.

Høgre har fleire gongar anklaga MDG si havvindsatsing for å vere økonomisk uansvarleg og at den spelar hasard med kva kysten vår kan tole. Dette kjem frå ei regjering som systematisk har arbeidd for fleire nye oljefelt, meir bunntråling, meir forureinande oppdrettsindustri og massiv dumping av avfall i fjordane våre. Dei har tydelegvis også gløymt korleis dei har brukt Oljefondet som leikepengar og fått enorme investeringar i olja, ei næring som om få år går ut på dato. Ser ein til den gigantiske raseringa av verdifull natur for vindkraftubyggingane på land må regjeringa tilsynelatande ha vore i koma. Då vert det lettare komisk når dei plutseleg vert uroa for miljøkonsekvensane av MDG sine planar om havvind, trass i at vi gong på gong strekar under kor stor vekt vi vil leggje på naturverdiar og fiske.

Høgre sin klimapolitikk har vore ein flau bris. Utsleppa er praktisk talt uendra i dei 8 åra dei har sete i regjering. Samtidig har dei i snart 8 år lagt opp til ei forureining av fjordar og hav utan sidestykke.



MDG har dei mest ambisiøse planane for utbygging av fornybar energi. Samstundes vil vi verne minst 30% av havområda våre, gjere naturmangfaldlova gjeldande for havet og styrke kunnskapen om påverknaden havvind har på marine økosystem og næringar. Vi vil sikre at det vert teke strenge omsyn i alle utbyggingar. Det vil krevje grundige utgreiingar. Vi vil drive ein kunnskapsbasert politikk og respektere dei faglege råda vi får. For MDG har naturen alltid fyrsteprioritet.

Dei Grøne si satsing kan gje inntil 45 000 nye jobbar og store eksportinntekter innan 2030. Det kan gje rein straum som også kan brukast i omstillinga av industrien som i dag nyttar fossilt kol, olje og gass og redde arbeidsplassar som elles ville gå tapt. Det å satse stort på havvind er også viktig for å skape mange av dei nye grøne arbeidsplassane som Noreg treng for å sikre velferda i framtida. Vi treng ei massiv flytting av kapital og kompetanse frå olje til havvind og grøne næringar. Havvind er ein nøkkel for det grøne skiftet. Men havvind er ikkje heile løysinga åleine. Difor vil vi også satse stort på energisparing, solenergi og fjernvarme.



Det blir ei utfordring å doble norsk elektrisitetsproduksjon berre med havvind fram til 2030, slik MDG sitt program legg opp til. Vi krev at naturkonsekvensane skal vere forsvarlege og vi vil ta omsyn til havnæringane, sjøfugl og økosystema. Slikt tar tid, så vi må komme igang no! Vi må tore å satse stort både på å ta vare på og respektere natur, redusere energiforbruk og produsere meir fornybar energi. Høgre og regjeringa har verken vilje eller evne til å gjere det som må til.

Vi må ha svært høge ambisjonar for å løyse vår tids viktigaste problem. Eg er stolt av å vere med i eit parti som har desse høge ambisjonane.

Vi vil gje vind i turbinane for ei berekraftig satsing på havvind – på naturen sine premissar.

Skal vi løyse natur- og klimakrisa må vi skjere igjennom no. Vi må ta dei naudsynte, radikale grepa så også ungdomen har ei framtid å glede seg til.