Sommarnatt på Hornelen

«Det var midtsommar, opplegg til tropenatt med godt over 20 varmegrader då eg starta i sjutida om kvelden»

Dette lesarinnlegget er skrive av Ove Bøstrand, busett på Fiskå.  Foto: Svanhild Breidalen

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Ove Bøstrand, busett på Fiskå.

Sommarnatt på Hornelen

Hornelen

dikt av Jakob Sande.

Djevelsvart, vill som ein trollkatedral,

sundriven, morkna og grå.

Havet marmar med sukk og skval,

hyler åt Satan ein kald koral,

når nordvesten bryter på.


Nordljos logar i vetternott,

over dei svarte glup.

Stillt gjennom natt susar vindharpeslått,

døyvt stig nåskrik og trollelått,

upp frå dei døkke djup.


Djevlar dansar ved midnattsbel-

-munnharpa skjer og kvin.

Remjande skrattar og tussespel,

ljomar i notti til hanen gjel,

og nordljos blakrar og brenn.


Her sankast frå nord og frå aust og vest,

trollpakk og seidemenn.

Her held dei sin heilage jolefest,

der Judas er klokkar og Satan prest,

med nordljos blakrar og brenn.

Hornelen  Foto: Svanhild Breidalen

Heilt sidan gutedagane har eg fundert på desse versa av Jakob Sande, og Hornelen ser eg stadig som ein framoverlutande majestet mot Rugsundet.

Og eg lærte i barndommen at båtar som passerte han, ikkje fekk lov å bruke fløyta i Frøysjøen, for då kunne Hornelen ramle ned.

Eg lærte og at vikingkongen Olav Haraldson, eller Olav Digre som han og blei kalla, klatra opp til topps på austsida. Bratte floget og steile fjellveggen. Rett opp.

Men maken til Jakob sine vers skal ein vel leite lenge etter. Sjølvsagt har eg høyrt om Bloksberg der heksene møttest, men det blir berre barnematen i forhold til denne omtalen.

«Djevlar dansar ved midnattsbel», berre det kan skræme dei fleste.

Men eg er ikkje lettskræmd, og etter å ha manna med opp over tid la eg i veg til Hornelen ein laurdagskveld. For dette ville eg til botnen i. For ikkje å seie til topps !

Det var rett nok ikkje på same årstid som det vanlegvis blir halde julefestar. Snarare tvert om.

Det var midtsommar, opplegg til tropenatt med godt over 20 varmegrader då eg starta frå Berleneset i sjutida om kvelden. Med niste og sovepose i sekken – og eg var ved godt mot.

Det blei ei steikheit oppstiging, men eg skal ikkje sukke for alle sveittedropane. Eg passerte to små fjellvatn på min veg og lettkledd som eg var, ronga eg kjapt av meg og la meg uti. Det var svalande.

Folk eg møtte var på tur ned, og heima seg slik folk og fe gjerne gjer mot kvelden. Dei lurte på kva ærend eg var i og kva eg skulle ta meg til på Hornelen om natta ?

Dei fekk til svar at eg skulle sjå etter trollpakk og seidemenn, og følgje med kva dei gjorde på Hornelen ved midnatt. Som skrive står.

Utsikta let seg knapt beskrive, men flogbratt var det. Og ettersom eg kunne sjå ned på austsida, skal eg garantere at oppstiginga som Olav Digre skulle ha gjort der, det er berre røl ! Han måtte nok ha følgt stien, han slik som alle hine har gjort. Men at han har vore der på toppen det trur eg, for vel oppkommen fann eg ei steinbu som han sikkert hadde laga seg då han var der. Der var løda opp ei lita hytte av masse fin stein, og der stod «Olavsbu» på døra., og då måtte det vere hans bu.

Og inne i den låg eit norsk flagg som han sikkert hadde lagt igjen. Han titulerte seg jo som konge av Norge. Men klatra opp på austsida, det hadde han ikkje gjort. Det er eg sikker på.

Det nærma seg midnatt – og eg var spent på kva som skulle skje , det var skymt og veldig trolsk.

Sola var gått i hav ved Klovningen, og ein raudleg fullmåne vandra mellom nokre små skyer aust ved Gjegnen på si ferd mot sør.

Eg fann meg ein lyngrabb og rulla ut mi ringe seng. Etter kvart som det mørkna lyste Måløy-byen meir og meir opp i nordvest. Og det fann eg litt trøyst i. Skulle midnattsmessa verkeleg ta av, og gå over styr, var eg likevel ikkje så altfor langt frå folk.

Men røme kunne eg ikkje , det var bratte floget rett i sjøen.

Kanskje duppa eg litt, for det var verkeleg ein fredfull plett eg hadde funne meg. Tett ved ei botnlaus kløft, det er vel den Sanden omtalar som dei døkke djup.

Men eg høyrde verken nåskrik eller trollelått.

Innimellom høyrde eg likevel eitkvart . Men det var nedanfrå og det var motordur frå glidande skip som runda Hornelen midt i sitt eige kjølvatn i blikkstill Frøysjø og blikkstill Skatestraum. Og med morgonsola kom hurtigruteskipa «Polarlys» på nord og «Narvik» på sør. Eg hadde med kikkert.

Og etter kvart skjøna eg at verken nordlys, vindharpeslått eller klokkar- og prestetenester skulle bli meg forunt denne natta, som nå var blitt søndagsmorgon.

Tropevarmt og vindstillt, og med ein gryande morgondis over Batalden i sør..

Kanskje hadde eg valt feir årstid, dette var så langt i frå juletida som ein kunne komme.

Vindharpeslåtten let vente på seg og havet marma ikkje med sukk og skval.

Men djevelsvart var han, Hornelen. Vill som ei trollkatedral også , og sundriven morkna og grå.

Og majestetisk. Kanskje liknar han litt på ein pave?

Og Hornelen hyste meg ei fantastisk sommarnatt, omlag tusen år etter at Olav Digre var der.