«Private aktørar innafor offentleg sektor sikrar seg overskot gjennom å forverre dei tilsette sine vilkår»

Hanne Bjerkvik og Geir Oldeide (Raudt).  Foto: Privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide, 1.-kandidat for Raudt i Sogn og Fjordane valkrets, og Hanne Bjerkvik, leiar i Raudt Dalsfjorden og 4.-kandidat for Raudt i Sogn og Fjordane.

Raudt stør dei streikande på Hauglandssenteret

Dei tilsette på Hauglandssenteret og Fagforbundet fører no ein viktig kamp som fortener støtte frå heile fagrørsla. Den er viktig for å sikre pensjonen for dei tilsette slik at den ikkje vert forverra. Men saka er også viktig for mange andre fordi den også er ein reaksjon på ein tendens vi ser breie seg ut innanfor offentleg sektor i aukande grad. Private aktørar innanfor offentleg sektor sikrar seg overskot gjennom å forverre dei tilsette sine vilkår m.a. på pensjon. Og dei ideelle institusjonane som skal vere med i anbods- og konkurransegaloppen blir tvinga med på det same.

Raudt støttar dei streikande og ønskjer lukke til i kampen for våre felles gode!