«Er dette å forsvare streikeretten, Torbjørn Vereide?»

Streikerett: Dette lesarinnlegget er skrive av Ingunn Kandal, leiar i Raudt Sogn og Fjordane, og Geir Oldeide, stortingskandidat for Raudt.  Foto: Privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Ingunn Kandal, leiar i Raudt Sogn og Fjordane, og Geir Oldeide, stortingskandidat for Raudt.

Reell streikerett i offentleg sektor?

Når tvungen lønnsnemnd blir brukt utan at liv og helse står på spel, er dette med på å undergrave streikeretten.

Det er i ettertid kome fram at regjeringa sitt grunnlag for å fremje tvungen lønnsnemnd, ikkje var til stades. Streikeuttaket ved eit avfallsanlegg i Fredrikstad kunne medføre brannfare, blei det hevda. Men UNIO hadde sagt ja til dispensasjon for dette anlegget. Når det gjeld sjukepleiarstreiken i Oslo, syner det seg at det heller ikkje der var sakleg grunn til å foreslå tvungen lønnsnemnd. Den bemanninga som UNIO heldt unna streikeuttaket, var den same bemanninga som er vanleg i normale helgar året rundt. Likevel påstod regjeringa at dette sette liv og helse på spel.

Dette er ei viktig prinsipiell sak. Raudt har derfor sett fram eit forslag på Stortinget om å gjennomgå bruken av lockout og tvungen lønnsnemnd og vil fremje forslag som skal sikre at tvungen lønnsnemnd ikkje kan brukast for å undergrave streikeretten.

Så langt ser det ut til at SV og SP vil støtte forslaget, mens AP vil gå mot forslaget, saman med dei borgarlege. Er dette å forsvare streikeretten, Torbjørn Vereide?