«Tenk ein sommar utan overskrifter i lokalaviser og regionale medium om trafikkulukker i fylket vårt»

Knut Olav Røssland Nestås Regionleiar for Trygg Trafikk i Vestland Knut Olav Røssland Nestås Regionleiar for Trygg Trafikk i Vestland  Foto: Trygg Trafikk

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Knut Olav Røssland Nestås, regionleiar for Trygg Trafikk i Vestland.

Ein vestlandssommar utan alvorlege trafikkulukker

Tenk ein sommar utan overskrifter i lokalaviser og regionale medium om trafikkulukker i fylket vårt. Verkar det fjernt og urealistisk? Det er likevel der me ynskjer å koma.

I perioden 2010–2020 vart 2311 menneske skadde og drepne i vestlandstrafikken i juni, juli og august. 54 omkom, 295 hardt skadde og 1962 med ulike typar skadar som resultat av noko så banalt som å vera i trafikken på ein vestlandsveg. Med så store tal kan det òg verka som eit uoverkomeleg stort hinder å tenkja seg ei framtid utan at nokon døyr eller blir hardt skadde i trafikken. Likevel er det mange gode grunnar til å vera optimistiske. Køyretøyparken blir gradvis fornya, med sikrare bilar og ny teknologi som hjelper oss med stort og smått. Mange stygge ulukkespunkt er også utbetra kringom i Vestland, noko som har resultert i færre alvorlege ulukker både i Sogn, Sunnfjord, Nordfjord og i resten av fylket.

Tryggare enn før

Utbetra vegar eller sikrare bilar er likevel berre delar av forklaringa på kvifor det er slik. Det som gjer meg som Trygg Trafikk-kar verkeleg optimistisk og som er viktige forklaringar på kvifor me har redusert talet drepne og hardt skadde i trafikken med over 50 % sidan år 2000, er deg og meg og alle andre. Når me held lågare fart, har auka bruken av bilbelte, sykkelhjelm og sikrar barna våre betre i bil, gjer det òg store utslag i tala. I tillegg er risikoen blant yngre og eldre bilførarar lågare enn kva han har vore. Dette er nokre av grunnane til kvifor du er tryggare som trafikant i dag enn for tjue år sidan. Men kan me slå oss til ro med det?

Me er langt frå å vera i mål

Trass i at me har kome langt er det framleis for mange som blir råka av heilt unødige trafikkulukker. Berre i fjor var 150 menneske involverte i trafikkulukker i Vestland i sommarmånadane. 26 blei drepne eller hardt skadde i perioden juni-august. Då seier det seg sjølv at me ikkje er der me ynskjer å vera. Framover treng me all interesse og merksemd som trengst for å ta nye steg. Som einskildmenneske har du likevel stor innverknad, både i trafikken og elles. Snart er det val: Spør politikarane på stand korleis dei vil jobba for betre trafikktryggleik. Engasjer deg i lokale spørsmål om trafikksikring: Send inn innspel til vegeigar om det er kommunen, fylkeskommunen eller staten og følg med når kommunale trafikksikringsplanar blir rullert. Det er der ein prioriterer mellom dei mange trafikkfarlege punkta som finst i ein kvar kommune, som regel med mykje dårlege kommunale vegar og fylkesvegar.

Trafikken er eit samspel

Sist, men ikkje minst: Du kjem køyrande mot meg på same måte som eg kjem køyrande mot deg. Det viser at trafikken er eit finmaska samspel, der det heldigvis stort sett går bra. Om me alle gjer ein liten innsats er me eit steg nærare ein trafikksikker sommarferie. Det handlar om å følgja fartsgrensene, køyra etter tilhøva, leggja frå seg mobiltelefonen og andre duppedittar, køyra rusfritt og å ha augo på vegen. Det beste er at slike trafikksikringstiltak kostar lite og utgjer mykje. På den måten gjer me trafikken sikrare saman.