«Gode lærarar – god skule»

- Senterpartiet krev ny kurs for skular og lærarar i heile Norge.  Foto: Erling Wåge

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Marit Knutsdotter Strand og Erling Sande frå Senterpartiet

Senterpartiet krev ny kurs for skular og lærarar i heile Norge.  Foto: Privat

Svar til Høgre

Høgre har mykje å svare for når det kjem til rekruttering av lærarar. Dei unngår det glatt i sitt svar til Senterpartiet i avisene siste vekene. Vi veit at det må gode lærarar til for å ha ei god skule. Då kjem Høgre til kort. Andelen ukvalifiserte aukar med Høgre ved roret. Senterpartiet krev ny kurs for skular og lærarar i heile Norge.

Andelen ufaglærte i skulen og tal på søkjarar til lærarstudie over heile Norge viser at Høgre sin skulepolitikk kan gje varige skadar for Skule-Norge, fordi vi får ein lærarmangel verre enn den som alt er i skulen i dag. Det er nemleg eit faktum at det manglar lærarar mange stader. Regjeringa innfører eit kompetansekrav med tilbakeverkande kraft, der alle med lærarutdanning frå før 2014 ikkje lenger vert rekna som kvalifiserte lærarar.

I Nord-Norge har ein i enkelte kommunar opp til 20 % ufaglærte i undervisninga i grunnskolen, nyleg poengtert av professor i pedagogikk Karl Øyvind Jordell til Nationen 29. juni. Dette vil ikkje Høgre prate om. I staden er dei opptekne av at dei sjølv vedtek eit «lærarløft», utan at det har effekt. Lærarmangelen i Nord-Norge blir til dømes ikkje mindre av at lærarutdanninga på Nesna er lagt ned.

Lærarar har i dag ein meir krevjande arbeidssituasjon enn nokon gang med pandemi, teknologi og auka krav om kvarandre. Samtidig slår Høgre seg på brystet og seier at; «alt går bra, det blir jo fødd færre barn enn før, så dette løyser seg sjølv» Dei viser til at Statistisk sentralbyrå (SSB) sine framskrivingar ikkje lenger varslar lærarmangel. Likevel har dei sett ned eit eige utval som skal sjå på etter- og vidareutdanning av lærarar, då det er 20 000 som kan miste sin kvalifisering når vi kjem til 1.1.2025, om regjeringa sine krav får stå.

Senterpartiet har stått for ein annan skulepolitikk. Senterpartiet ønskjer ikkje å skubbe kvalifiserte folk ut av skulen, men heller å utdanne og kvalifisere fleire inn i skulen. Det er bra for elevar og deira læring, samt lærarar og skular i heile Norge. Senterpartiet meiner vi må rydde opp i diskusjonen rundt rekruttering av lærarar og avklare årsak og verknad i det politiske ordskiftet om rekruttering av lærarar, gjennom ein ny stortingsmelding. Dette må gjerast i kombinasjon med tiltak for å halde på lærarane vi har i skulen i dag. I tillegg må vi ha tiltak for å rekruttere fleire til lærarutdanningane. Tid og tillit til lærarane må på plass.

Sp har også foreslått å forskriftsfeste ordninga for rettleiing av nyutdanna lærarar, men vart stemt ned i Stortinget av blant andre Høgre. Senterpartiet har vore med på å fremme forslag om ein meir kunnskapsbasert tilnærming til opptak ved lærarutdanninga enn regjeringa sitt firarkrav i matte, og ein stopp av å avskilte tusenvis av lærarar. Tiltak retta mot vikarar, yrkesfaglærarar, reservestyrken og seniorane vil og vere avgjerande framover for å unngå lærarmangel. Det er for lite av det som kjem frå nasjonalt hald retta mot barnehagar og skular i dag som gjer det meir lukrativt å stå lenge i yrket.

Vi må dessutan evaluere konsekvensar av tidlegare innført politikk. Senterpartiet var kritiske til femårig lærarutdanning. Ein viktig del av denne kritikken, handlar om at lærarutdanninga var dramatisk endra også rett før regjeringa innførte det femte året. Kva ein grunnskulelærarutdanning med 1–7 og 5–10 førte til, fekk vi aldri vurdert konsekvensane av i seg sjølv, samanlikna med tidlegare utdanning. Vi må vurdere konsekvensane rundt femårig lærarutdanning no!

Senterpartiet krev ny kurs for skular og lærarar i heile Norge.