«Dette er toppen av frekkheit, Bjørlo»

Dette lesarinnlegget er skrive av Dag Austring, Sp-veljar.   Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Dag Austring, Sp-veljar.

Toppen av frekkheit, Bjørlo

I Fjordenes Tidende forsøkte Stad Venstre å få lesarane til å oppfatte 1.-kandidaten til Venstre i Sogn og Fjordane til å ha meiningar som er direkte usanne. Det trudde eg ikkje Alfred Bjørlo ville vere medverkande til, men eg tok feil.

Det er mange påstandar i lesarinnlegget som eg kunne ha kommentert og påpeikt direkte usannheiter, men eg vil framheve det som eg meiner er den største usannheita i innlegget.



Eg siterar frå innlegget: «Alfred vaks opp på gard og står for ein næringspolitikk, tufta på EØS-avtalen, kunnskap og handlekraft».

Dette kan altså styret i Stad Venstre freidig no prøve å få veljarane til å tru. Eg skjønar godt at Venstre og Bjørlo gjer eit tappert forsøk på å få veljarane til å gløyme at Venstre på sitt siste landsmøte vedtok å gå inn for å melde Norge inn i EU. Kvar vert det då av EØS-avtalen, den forsvinn og det vil bli EU og Brussel som bestemmer kva som skal skje i Norge.

Eg går ut ifrå at Venstre er klar over konsekvensane av å melde landet inn i EU. Det ser i alle fall ut som det norske folk forstår kva dette vil bety for landet og er imot innmelding. Når Bjørlo er vaksen opp på ein gard på Nordfjordeid, så trudde eg at han hadde lært kva det vil seie å drive gard i Sogn og Fjordane. Det må han ha gløymt eller fortrengt. Dei næringsdrivande som vil merke mest negativ betydning av at landet vert meldt inn i EU er bøndene.

Ein annan negativ konsekvens ved å melde Norge inn i EU er armadaen av franske fiskebåtar og ei horg med fiskarar frå andre EU-land, som straks vil komme til gode fiskeplassar langs norskekysten og inn i norske fjordar. England si utmelding av EU har medført at fiskarar frå desse landa nesten ikkje har noko farvatn som dei kan fiske i. Med norsk EU-medlemsskap kan ikkje Norge hindre desse i å fiske langs norskekysten.

Det vert ikkje nokon enkel oppgåve Alfred Bjørlo, når du skal reise rundt i Sogn og Fjordane i valkampen og forsvare at Venstre har landsstyrevedtak på at Norge skal melde seg inn i EU.

Eg ser også i lesarinnlegget at Senterpartiet vert beskulda for å vere for sentralstyring. Dette vert etter mitt syn latterlig når leiaren i Senterpartiet, Vedum, både på utpust og innpust har beskulda regjeringa, som Venstre er ein del av, for sentralisering, sentralisering og atter sentralisering, og ikkje minst at noko av det viktigaste for Sp er «å ta heile landet i bruk».