«Noverande generasjon er so opptekne av å samle pengar, at dei må sende både born og foreldre ut av heimen»

Dette lesarinnlegget er skrive av Johan Sigdestad, Bremanger.   Foto: Erling Wåge

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Johan Sigdestad, Bremanger.

Stortingsvalet

I denne samanheng driv no partia valkamp. Dette må no vere nyttig sløsing, no i desse tider, med sparing , uansett kva det gjeld. Går utifrå at folk flest, får med seg kva som føregår i landet.

Høyrde på partileiardebatten nyleg, der det meste gjekk over hovudet på dei fleste. Dagleglivet var det ikkje eit ord om. For å nemne ein ting, når dei «gamle» kjem på desse heimane, lyt dei betale hotellprisar. Kjem ein forbrytar i fengsel, får han både mat, klede og opphald gratis, og tilmed dagpengar. Det var det ingen som nemnde. Mange av desse som endar på desse «heimane» er so gamle, at dei ikkje har fått seg «poeng», og soleis enda som minstepensjonistar.

Tenk på alle som tidlegare var husmødre, og gjorde det viktigaste av alle yrke i landet. Dei greidde å oppseda borna sjølve, og sparde samfundet for store pengar. Likeeins greidde dei å ta seg av foreldra i heimen, so dei slapp å bli sende ut av heimen, som dei i si tid gjorde.

No ser det ut som noverande generasjon er so opptekne av å samle pengar, at dei må sende både born og foreldre ut av heimen, den er visst berre ein overnattingsstad. Då Bondevik i si tid, var statsminister, snakka han om eit varmare samfunn. Trur mest at det har gått andre vegen.

Det som no tykkjest viktigast i landet, er å plapre om kjønnsskilnad. Det skal verta artigt å sjå korleis desse kjønnslause menneskja vert utsjåande.

Ikkje rart at det er so mange som vil på «tinget».