«Berre eit sterkt MDG er garantistar for at klimapolitikken blir så kraftfull som krisa krev av oss»

Marius Langballe Dalin, 1.-kandidat til Stortinget for MDG i Sogn og Fjordane  Foto: Pernille Sommer

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Marius Langballe Dalin, 1.-kandidat til Stortinget for MDG i Sogn og Fjordane

«Klimakrisa krev kraftig kursendring»

I eit lesarinnlegg i Fjordenes Tidenede spør Doris Christensen i Kinn Arbeidarparti om MDG vil bidra til ansvar.

Det korte svaret er eit tydeleg ja. Både med vår politikk åleine, og ved å vere ein garantist for at Ap fører ein meir ansvarleg miljø- og klimapolitikk, slik vi mellom anna har fått det til i Oslo.

MDG har sett eit ultimatum om at den regjeringa vi støttar må slutte med all leiting etter ny olje.

Kvifor? Når vi lyttar til faglege råd frå mellom anna FN og det europeiske energibyrået er dette det einaste ansvarlege å gjere, uansett om ein fryktar for velferda eller livsgrunnlaget.

Kjensla av å vere utrygg spring ut frå å ikkje vite. Ved å vere tydelege ovanfor oljenæringa så skaper ein tryggleik og føreseielegheit for næringa, for dei som er tilsett i den, og for økonomien i landet vårt.



Det er dårleg arbeidsgjevarpolitikk å halde dei tilsette på pinebenken ved å seie at ein skal fase ut olja utan å gje ein klar horisont, plan og sluttdato. Det er hemmande for framveksten av dei nye grøne næringane som skal erstatte olja når ein sluttdato for det gamle aldri vert sett. Når signala er at vi skal drive med olje så lenge vi kan, får vi ikkje tak i kompetansen og arbeidskrafta frå oljenæringa. Med ein slik politikk vil vi vere elendig førebudde den dagen botnen fell ut av oljemarknaden. Då vil mange misse arbeidet over natta, medan andre land ligg langt føre oss i omstillinga og kompetanseutviklinga. Dette veit Arbeidarpartiet også. Og Senterpartiet. Og Høgre. Det er berre det at mange av veljarane deira ikkje veit det enno, og det er ikkje så lett å overtyde veljarane fort nok. Difor treng dei den tydelege røysta til MDG.

Dersom Arbeidarpartiet ynskjer å bli eit ansvarleg styringsparti igjen vil det vere klokt å gjere MDG sitt ufråvikelege krav om å slutte å leite etter meir olje til sitt eige. Støre må tørre å vere tydeleg om framtida til den største og mest ureinande næringa vår. Han må tørre å gå i dialog med MDG, og han må tørre å setje ein faktisk sluttdato.

Det er ansvarleg leiing, og MDG er ein ansvarleg samarbeidspartnar.

Berre eit sterkt MDG er garantistar for at klimapolitikken blir så kraftfull som krisa krev av oss.