«Forslaget om ny ambulanseordning er eit stort tilbakesteg. Det har med tryggleik å gjere»

Johan K. Vadøy  Foto: Kjell Askeland

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Johan K. Vadøy, Davik.

Eg er ikkje lenger med som representant for KrF i kommunestyret i Bremanger, men eg er svært oppteken av helse og sosialpolitikk. Då eg høyrde at det skulle utgreiast om ein skulle bruke ambulansebåt i Ytre Bremanger trudde eg ikkje at dette var seriøse planar.

Dette er eit stort tilbakesteg for folket. Det har med tryggleik å gjere. Tryggleik for å få god legehjelp, og tryggleik for å kome til sjukehus på ein rask og sikker måte.

Alle som veit korleis verforholda kan vere på Frøysjøen ein haust- eller vinterdag ser dette som eit svært dårleg tilbod.

Ambulansebilen i ytre Bremanger gjer ein fantastisk jobb, er framme hos dei som treng hjelp på 10–15 minutt, og yter god service og hjelp til dei sjuke. Det vil vere eit stort tilbakesteg å ta bort dette tilbodet.

Det er eit sterkt ynskje frå meg og folket i Bremanger at ambulansetilbodet ikkje blir endra til eit dårlegare tilbod for folket.