«Ingen har med større styrke enn Torbjørn forsvart EØS-avtala. Den er heilt avgjerande for kystnæringane»

Stemma til Ola Teigen går til Torbjørn Vereide og Ap.  Foto: Fride Westvik

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Ola Teigen, Ap

Mi stemme går til Torbjørn Vereide og Ap!

6. juni 2020 lanserte eg Torbjørn Vereide som listetopp for Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Heldigvis lytta dei til meg. På måndag kan bli valt inn på Stortinget og der høyrer han også heime. Det er godt nytt for kysten.

Torbjørn er trass sin unge alder ein erfaren politikar. I sin tredje periode på fylkestinget har han hausta erfaring frå heile fylket, og han veit kor utfordringane er. For meg som ordførar i Kinn kommune er han ein mann det er lett å samarbeide med og ein som har eit solid nettverk. Det vil vere nyttig når kommunen skal søke støtte i Stortinget.

I valkampen har vi for alvor erfart kva saker Torbjørn Vereide brenn for. Ingen har med større styrke enn han forsvart EØS-avtala. Den er heilt avgjerande for kystnæringane. Westcon er klokkeklare. Global, Pelagia, fiskeria og havbruksnæringa vår er heilt avhengige av marknadstilgang med EU. Men også når vi skal arbeide for kutt i utslepp. Å tenke seg til ei framtid utan forpliktande samarbeid med verda for å nå klimamåla, er heilt utenkeleg. Skal vi nå klimamåla må det gjerast utan at vi set folk utanfor. Vi kan ikkje risikere at dei med dei minste inntektene må plukke opp rekninga for dei endringane som vil kome. Derfor må også klimakampen ta opp i seg fordelingspolitikk. Og det er heller ikkje slik at vi skal permittere oljearbeidaren. Kvinnene og mennene som arbeider offshore er vårt fremste våpen når vi skal utvikle nye berekraftige næringar. Derfor treng Equinor og andre energiselskap kompetansepåfyll og utvikling, ikkje avvikling.

Torbjørn Vereide har gjennom heile valkampen vise at han brenn for kystnæringane og utfordringane vi har her. Han er ein ung, men erfaren politikar som alt no vil markere seg på Stortinget. Når han om to periodar går inn i sitt tredje stortingsval er han framleis i 30-åra. Torbjørn er ikkje berre svaret for dagens Sogn og Fjordane, men for lang tid framover.

Skal ein representere Sogn og Fjordane må ein kunne samferdsel og næring. Med Torbjørn får vi også ein politikar som er oppteken av helse og oppvekst. Med ei sterk historie frå Utøya i 2011 og veit Torbjørn korleis ungdom har slite under Koronapandemien. Engasjementet hans for psykisk helse blir lagt merke til. Å forstå folk og bry seg om enkelthistoriene er viktig når ein skal representere innbyggarane. Slik er Torbjørn, eg går for Torbjørn!