«Slektsnamna har ei mykje kortare historie enn førenamna»

Kjell Nøstdal har skrive dette innlegget. Bildet er tatt i samband med då Nøsdal studerte kommunenamn.  Foto: Siri Kolseth

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Kjell Nøstdal.

Frå utnamn til etternamn. Litt om slektsnamn

Alle norske borgarar har minst to offisielle namn; eit førenamn og eit etternamn. Førenamnet er ein person sitt eigentlege namn, det skil eit individ ut i frå ei større gruppe, og det følgjer jamnast personen gjennom heile livet. Det blir ofte kalla døypenamnet, fordi barnet gjerne blir namngjeve i samband med ein dåpsseremoni. Personnamna (førenamna) er svært gamle, dei eldste namneformene kjenner vi frå runeinnskrifter som er 1500 år gamle.

Som type har personnamna blitt – og blir framleis – grundig granska. I gode namnebøker – og dei finst det fleire av – kan vi mellom anna lese om det språklege opphavet til namna, kva dei tyder, når dei blei innlånte og den geografiske utbreiinga namna har hatt i Noreg. Også Statistisk Sentralbyrå forskar på personnamn og legg årleg fram trendanalysar og statistikk over bruk og utbreiing (popularitet). Det er såleis lett å skaffe seg kunnskap om personnamn for den som ynskjer det.

Noko annleis er det med etternamna. Slektsnamna har ei mykje kortare historie enn førenamna, ho går kanskje berre 200-300 år attende. Her vil eg sjå litt på den namnetypen vi kallar slektsnamn, familienamn eller etternamn.

Noko av grunnlaget for tradisjonen med faste slektsnamn er truleg å finne i den gamle skikken med å gje folk utnamn eller tilnamn. I Snorre Sturlasons «Heimskringla» møter vi mellom anna kongar som Halvdan Svarte, Harald Hårfagre, Eirik Blodøks, Harald Hardråde (hardstyrar), Olav Kyrre (den fredsame, rolege), Magnus Berrføtt og Håkon Herdebrei.

Også Einar Tambarskjelve (han som får bogestrengen til å skjelve; meisterskyttar), Tore Hund og Eirik Raude bar tilnamn, det same gjorde Tormod Kollbrunarskald (diktar) og Torstein Knarresmed (skipsbyggjar). Andre tilnamn peikte mot heimstaden til namneberarane: Hårek på Tjøtta og Inger til Austrått.

Utnamna fortalde altså noko om utsjånad, karaktereigenskapar, yrke eller heimstad. Dei gav på eit vis ei «tilleggsopplysning» om namneberaren. Frå slike tilnamn var vegen ikkje lang til faste slektsnamn, men det skulle gå fleire hundre år før skikken med familienamn festa seg blant vanlege folk. På 1500-1600-talet var det berre eit fåtal nordmenn som hadde etternamn. Det var gjerne prestar eller innflyttarar (t.d. handverkarar og kjøpmenn) frå Danmark og Tyskland. Det var først på 1700-talet at dei høgre samfunnslaga i byane (og embetsmenn på landsbygda) fekk faste slektsnamn. Bøndene hadde ikkje etternamn. I skattelister og andre offentlege dokument vart dei nemnde med førenamn og gardsnamn, men gardsnamnet var ei adresse, ikkje eit verkeleg etternamn. Når bygdefolk flytta til byen, vart dei i offentlege dokument oftast nemnde med førenamn og farsnamn, men farsnamnet gjekk ikkje i arv, og var ikkje eit etternamn.

Men mange av tilflyttarane heldt likevel på namnet på heimegarden, og såleis skapte dei seg eit etternamn, som seinare fylgde slekta. Dei fleste som flytta til byane på 1800-talet, gjorde farsnamnet til arveleg etternamn. Mange tykte vel at -sen-namna var praktiske; dei gav anonymitet og fridom frå livet i den trongbølte bygda, eller «grågrenda», som Tor Jonsson kalla henne. Dei vanlegaste norske etternamna er såleis dei som endar på -sen eller -son, og er naturleg nok særleg talrike i dei store byane. Denne namnetypen kallar vi elles patronymikon (farsoppkalling), og han er mykje brukt også i andre språkkulturar.

Vi har elles lenge sett ein tendens til at personar som ber -sen-namn, gjerne tek opp namnet på garden der oldefar eller bestefar kom frå. Kanskje gjev det litt meir status å heite Hove og Heggen enn Hansen og Olsen? Ei viktig gruppe mellom etternamna våre er dei som viser attende til nemningar for yrke eller handverk. Mange av dei har tysk opphav. Døme på slike namn er Møller, Smed, Bøttker (tønnemakar), Bauer (bonde), Bächer (bakar) og Meyer (bokhaldar).

Til sist nemner eg skikken med å skifte etternamn når ein skifta bustad. Då Rasmus Lillesalt og kona Berte (f. Bortne) flytta til garden Hamre i Selje sist på 1890-talet, tok dei – etter vanleg skikk – etternamnet Hamre. Det namnet har dei talrike etterkomarane deira brukt sidan.