«No treng vi eit sterkt lag rundt elevane og lærlingane våre»

Dette lesarinnlegget er skrive av Karianne Torvanger, leiar i hovudutval for opplæring og kompetanse.  Foto: privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Karianne Torvanger, leiar i hovudutval for opplæring og kompetanse.

Vestland fylkeskommune treng to elev- og lærlingombod

Vestland fylkeskommune har sidan samanslåinga til Vestland hatt to elev- og lærlingeombod. Sidan august 2021 har eine stillinga stått vakant.

Arbeidarpartiet har ved fleire høve etterlyst vidare plan for korleis ein skal rekruttere til denne stillinga. Til møte i Hovudutval for opplæring og kompetanse den 23. november har fylkesdirektør i Vestland fylkeskommune lagt fram eit notat som viser at ein ikkje har tenkt å erstatte denne stillinga, og at dette medfører at ombodet må innrette arbeidet sitt til mindre utadretta virksomhet.

Ap er sterkt uenig i dette og meiner det fortsatt er nødvendig med 2 elev og lærlingombod i Vestland fylkeskommune. Vi krev difor at den vakante stillinga blir lyst ut!

Elev- og lærlingombodet er eit lågterskeltilbod som elevar, lærlingar og føresette lett skal komme i kontakt med. Ombodet skal sikre at elevar og lærlingar får varetatt rettane sine, og skal arbeide for at dei som jobbar med vidaregåande opplæring oppfyller dei pliktene som er i opplæringslova.

I Vestland har vi litt over 20.000 elevar og nesten 7.000 lærlingar, vi er eit stort fylke med lange avstandar. Årsmeldinga til elev- og lærlingombodet viser omfanget av henvendingar kvart år og kva saker det gjeld. Både antall henvendingar og omfang av saker viser at det er begrensa kva eit ombod rekk over. Når elevane og lærlingane våre møter vanskar, er det avgjerande at dei har nokon dei kan vende seg til med si sak.

Etter to år med pandemi er omboda viktigare enn nokon gong. Mange av våre elevar og lærlingar har hatt det svært krevjande dei to siste åra. Det har vore mykje digital undervisning, og fleire stadar har aktivitetstilboda nærmest vore ikkje-eksisterande. Pandemien har forsterka det som allereie var problem i samfunnet vårt, blant anna einsemd, utanforskap og psykiske utfordringar.

No treng vi eit sterkt lag rundt elevane og lærlingane våre, vi treng ei vidareføring av krafttak for psykisk helse, og vi treng to elev- og lærlingeombod!