«Dagen i dag vil vise om partia har vilje til satsing på dei unge og bulyst i heile kommunen»

Dette lesarinnlegget er skrive av gruppeleiar i Stad Senterparti, Paul J. Helgesen og Stad Senterparti si kommunestyregruppe.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av gruppeleiar i Stad Senterparti, Paul J. Helgesen og Stad Senterparti si kommunestyregruppe.

Jobbar for eit budsjett for alle med satsing på dei unge og bulyst i heile kommunen»

Stad kommunestyre skal i dag handsame budsjett og økonomiplan med eit krevjande utgangspunkt. Utan Regjeringsskifte tidlegare i haust hadde den økonomiske situasjonen vore endå verre.



Uansett korleis vi snur og vender på tala vi er presentert må kommunen gjennom omstillingar for å tilpasse kostnadsnivået til inntektene. Dette gjeld sjølv om vi kan få noko auke inntekter i framtida. Men her er likevel rom for nokon endringar som betyr mykje for mange. Her er ei rask oversikt over nokre punkt i Senterpartiet sitt framlegg:

  • Vi aukar ramma for å sikre naudsynt grunnbemanning i grunnskulen spesielt på dei små skulane i 2022.
  • Vi reduserer kutta i heile perioden innanfor oppvekst og opplæring. Dette handlar om langsiktig satsing på bulyst. Vi vil behalde desentralisert skulestruktur i kommunen.
  • Vi legg inn pengar for å sikre sommarope basseng.
  • Vi legg inn pengar for å redusere halleige, eit viktig tiltak for familiar og ungdom.
  • Vi sikrar meir vedlikehald av eigne bygningar.

Vi reduserer ramma på Helse og Omsorg i 2022. Ny ramme med Senterpartiet sitt framlegg er likevel om lag 5 millionar kroner over prognosen for resultatet i Helse og Omsorg i 2021. Vi nyttar samstundes mindre av dispensasjonsfondet. Ved revisjon av budsjett i juni må ein vurdere behov for å nytte dispensasjonsfondet. La det vere klart – vi skal ha gode helsetenester i Stad kommune.

Senterpartiet sitt budsjettframlegg er eit budsjett som byggjer på kunnskapsgrunnlaget i sakspapira frå administrasjonen. Vi meiner det er eit realistisk alternativ med strategiske val om langsiktige satsingar. Skal vi ha vekst i heile kommunen er skulane hjartet i lokalsamfunnet og ei viktig brikke i denne satsinga. Bedriftene som skal ha kvalifisert arbeidskraft kan nyte godt av eit kommunalt tilbod i nærleiken.

Senterpartiet aukar ikkje promillesatsen på eigedomsskatt for private i 2022, heller ikkje eigedomsskatt på næring før tidlegast 2024. Dette må vi såleis ta stilling til ved behandling av budsjettet neste år. Vi ynskjer å ha ein dialog med næringslivet om korleis dei best kan bidra. Det er også viktig å få fram at vi ikkje ynskjer å innføre skatt på næring. Men vi meiner samstundes det ikkje er realistisk slik Venstre og Høgre sitt framlegg i formannskapet tek dette ut av heile økonomiplanperioden ved å pålegge kutt på Helse og Oppvekst, på toppen av allereie store kutt som ligg inne. Dei presenterer eit budsjett som ifølgje vårt kunnskapsgrunnlag har lite moglegheit for å gå i balanse og som dermed vil tømme dispensasjonsfondet og ta frå oss valmoglegheiter og tvinge fram strukturendringar. Høgre og Venstre sitt budsjettframlegg i formannskapet brukar 7,67 millionar kroner meir av dispensasjonsfondet i 2022 enn Senterpartiet sitt framlegg. Senterpartiet sitt forslag har såleis ein betre fleksibilitet i ei tid kommunen må gjennom omstillingar. Med bakgrunn i informasjonen som følgjer budsjettsaka meiner vi deira kuttforslag kan føre til dramatiske forslag til endringar i struktur på sikt. Ingen er tente med nedlegging av skular som eit konkret eksempel.

Dagen i dag vil vise om partia som står bak fleirtalsinnstillinga frå formannskapet har vilje til å ta inn nokon av SP sine forslag.