Ein lesar har laga eit dikt om lakseoppdrett i Nordfjorden

«Aktørane legg fram sine gode bodskap etter tur. Kommunen takkar og bukkar for akvakultur»

  Foto: Frithjof Silden

Meninger

Dette diktet er skrive av ei som kallar seg "Naturglad" :


Arealplan, sjøareal

Sjøarealplan med fine ord

om korleis vi best utnyttar vår fjord

Vi må være flinke og ta vår del av den nasjonale satsinga på akvakultur og laks og lus her vert det utvikling i sus og dus

Aktørane legg fram sine gode bodskap etter tur

kommunen takkar og bukkar for akvakultur.

dialog og kunnskap og gode prosessar

tek brodden av folket sine

massive protestar

For

ein viktig observasjon er

at folket langs vår flotte fjord

er opprørte, leie og vantru

Det er ikkje slik vi vil ha det

der vi vil bu.

Høyr kva folket langs nordfjorden sei

det er til oppdrett et rungande nei!

Vi vil fiske, bade, i elv og fjord

fiske ørret og torsk

til vårt middagsbord.

kompetanse, nyvinning, bærekraft,

alt fine ord

kva med smittepress, bandlegging

og ein øydelagt fjord?

Det er ikkje noko å gje

til dei som etter oss kjem

Nei, bærekraft er å verne om det vi har

av natur

slik kan vi ta vare på vår merkevare

og gamle kultur.

miljøet må trumfe kapital og kortsiktig gevinst

Bygdene med elvar, fjell og fjord

er for folk

det mest bærekraftige

og vakre som finst