Meiner det er galskap å legge ned trafikkstasjonar

Stortingsrepresentant Tore Storehaug (Krf) fryktar nedlegging av trafikkstasjonar ettersom regjeringa vil effektivisere vegvesenet. Lokale ordførarar meiner det er galskap.

Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) og Selje-ordførar Stein Robert Osdal. Arkivfoto  Foto: Christina Cantero

Nyheter

Regjeringa ønskjer å effektivisere vegvesenet, noko som kan bety nedlegging av fleire av dei 75 trafikkstasjonanen i landet, skriv NRK Sogn og Fjordane.  Dette kan mellom anna bety at det kan bli vanskelegare å ta sertifikatet på bygda, og at næraste trafikkstasjon kan bli i Førde.

Ordførarane Alfred Bjørlo (V) i Eid og Stein Robert Osdal (KrF) i Selje, kommenterer på Facebook at dette er den verste form for sentralisering.

– Dette er statleg sentraliserings-galskap på sitt verste! I staden for å nytte moderne teknologi til å bygge opp kompetansemiljø i distrikta og gi folk tenester nær der dei bur, førebur Statens Vegvesen no ei storstilt sentralisering av kompetansemiljø og tenester - til no utan at nasjonale politikarar har brydd seg og engasjert seg. Til deira forsvar skal det seiast at mykje av prosessen har skjedd i det skjulte nede i byråkratiet, seier Alfred Bjørlo.

– Sentraliseringa som skjer i det stille er kanskje den verste form for sentralisering. Her driver statlege direktorat og etater etter sitt eige godtykke å rasjonaliserer utan ein form for statleg koordinering. Taparane vert innbyggjarane i distrikta og distrikta tapar viktige kompetansearbeidsplasser, seier Stein Robert Osdal.

Gir ikkje innsyn

Det var i vinter at Finansdepartementet og Samferdsledepartementet bestilte ein konsulentrapport frå Capgemini, der oppdraget var å vurdere effektivisering av tenestestruktur/tenestetilbod på trafikant- og køyretøyområdet, og støttefunksjonar gjennom etatsfelles løysingar, ifølgje NRK.

Rapporten skal vere ferdig, men departementet nektar innsyn og seier at konklusjonen vil komme fram i statsbudsjettet.

–  Det er stadig snakk om å effektivisere, men den kostnaden som staten sparar inn på å ikkje vere til stades i mange lokalsamfunn går utover dei som skal bruke desse tenestene. Dette er stikk i strid med å legge til rette for at folks skal bu og leve i heile landet vårt, seier stortingsrepresentant Tore Storehaug (KrF) til NRK.

Gir honnør

Ordførarane gir honnør til KrF og stortingsrepresentanten for at han følgjer opp saka:

– Endeleg nokon som torer å seie frå at dette er det reine vanvett, seier Bjørlo.

– KrF med Tore Storehaug i spissen tør no å seie i frå og regjeringa har verkeleg eit ansvar for å koordinere arbeidet hos sine underliggande etater og direktorat. Håper Høgre tar dette litt meir på alvor enn det som kjem fram, seier Osdal.