Gåva frå banken flyttar turnhallen eit steg nærare for idrettslaget

Hjartebank-juryen gav heile 300.000 kroner til Skavøypoll Idrettslag sitt prosjekt med bygging av eigen turnhall. Med det fekk dei den største summen av millionen Sparebanken Vest delte ut.
Nyheter

I alt fekk åtte prosjekt og lag i Vågsøy og Selje midlar frå Sparebanken Vest.

– Desse pengane går rett inn i potten til ny turnhall, og bidreg absolutt til å framskunde prosessen. Vi nærmar oss no finansieringskravet, smiler Kenneth Silden i SIL Turn.