Har funne tre kommunalsjefar

Prosjektrådmann Terje Heggheim i nye Kinn kommune har funne tre kommunalsjefar. Den eine er Ellen Jåvold, kommunalsjef for oppvekst og kultur i Vågsøy kommune.

Prosjektrådmann i Kinn kommune, Terje Heggheim har no funne tre av totalt fem kommunalsjefar i den nye kommunen.  Foto: Sindre Blålid Kvalheim

Nyheter

Det melder heimesida til nye Kinn kommune. Jåvold vil få tilbod om stillinga som kommunalsjef for oppvekst og undervisning.

Prosjektrådmann Terje Heggheim skriv i eit brev at det er tre av totalt fem kommunalsjefsstillingar i den nye kommunen som no er satt. Dei to andre er Norunn Stavø og Linda Nipen frå Flora, som vil få ansvar for høvesvis helse og velferd og økonomi.

Rådmannen melder vidare at dei vil kome nærare tilbake til tiltredingsstidspunkt, då alle tre har tunge ansvar i organisasjonane dei allereie er ein del av.

Vidare er der tre stillingar i nye Kinn kommune som er utlyst, med søknadsfrist 19. oktober. Desse er assisterande rådmann, kommunalsjef for samfunn, kultur og miljø og kommunalsjef for innovasjon og utvikling.