Ingen løyvingar til Stad skipstunnel:

Set sin lit til revidert statsbudsjett for å nå byggjestart i 2021

Håpet var at det skulle ligge 30 millionar i statsbudsjettet til grunnerverv for Stad skipstunnel. Men det kom ikkje, og for å rekke byggjestart i 2021, set no Randi Humborstad all sin lit til at det kjem i revidert statsbudsjett i mai. 

Kystverket treng kring 30 millionar kroner til grunnerverv for å nå planen om byggestart av Stad skipstunnel i 2021. Dette kom ikkje i dagens statsbudsjett, og ein håpar no at det kjem i revidert statsbudsjett i mai. Illustrasjon 

Nyheter

– Fryktar de no for forseinking av byggestarten?

– Det avhenger av kor fort regjeringa jobbar. Vi håpar å rekke det innanfor tidsplanen. Skipstunnelen ligg inne med seinast byggestart i 2021 i NTP og det er det vi jobbar utifrå. Det er mogleg med byggestart i 2021, men då må det kome pengar til grunnerverv, seier prosjektleiar Randi Humborstad i Stad skipstunnel.

Skipstunnelen var nemnd med svært få ord i statsbudsjettet som blei lagt fram måndag:

«I 2017 ferdigstilte Kystverket et forprosjekt for Stad skipstunnel. Den eksterne kvalitetssikringen (KS2) var ferdig i mai 2018 og viste at forventet kostnad er økt til 3,7 mrd. kr og forventet nytte redusert til -3,1 mrd. kr. Regjeringen vil på egnet måte komme tilbake til Stortinget om videre behandling av saken»

– Det er ikkje tatt stilling til Stads skipstunnel, den eksterne kvalitetssikringa og kva dei skal gjere. Vi må berre ta til etterretning at regjeringa vil komme tilbake til Stortinget når dei er klare. Vi må jobbe vidare politisk og halde trykket oppe. Vi har mange møte framover, seier prosjektleiaren.

Grunnerverv

Humborstad fortel at det er vanskeleg for bebuarane i Kjødepollen der tunnelen kjem.

– Grunnerverv handlar om å hjelpe dei med å finne ein ny plass å bu. Det er ein vanskeleg situasjon for personane i dei fem bustadhusene som skal rivast i Kjødepollen, og det er viktig at dei får ei avklaring, seier Humborstad. 

Prosjektleiaren fortel at ein hadde håpa på midlar i neste års statsbudsjett:

– Vi hadde blitt veldig glade om det hadde lege noko der, for det hadde betydd at vi kunne gå vidare og vere ferdig med denne kvalitetssikringa, seier ho.

Stad skipstunnel kom med i Nasjonal transportplan i 2018-2029, og var fullfinansiert. Men så kom KS2 i mai med auka kostnader.

– Tunnelen vil bety utruleg mykje for sikkerheit for dei sjøfarande og vi vil få meir gods over frå veg til sjø. Tunnelen vil også bety mykje for fiskeri- og havbruksnæringa med ei auke i verdiskapinga der. Det er også eit samferdselstiltak der ein vil binde saman regionar og kysten på ein heilt ny måte med en hurtigbåtforbindelse mellom Bergen og Ålesund. Eit stor pluss er også at den vil bli ein stor turistattraksjon.