– Vi får vist at vi er eit komplett miljø

Verdas første bilferje i kompositt som kan frakte farleg last blir i desse dagar bygd på Måløy Verft. Den daglege leiaren meiner det ikkje hadde vore mogleg å byggje ferja, som skal gå frå Barmsund til Barmen, utan kompetansen i Teknopollen.

Ferja som skal trafikkere Barmsund-Barmen er eit samarbeid mellom aktørane i Teknopollen og reiarlaget Vidar Hop Skyssbåter AS. Ferja blir 30 meter lang og 11 meter brei. Kristian Lundebrekke meiner nybygget er eit godt eksempel på kompetansen ein finn i klynga i Teknopollen. – Det er spesielt at vi kan gjere alt her, seier han. Illustrasjon: Nordwest3D  Foto: Nordwest3D

Nyheter

– Det er veldig spesielt at vi kan gjere alt her. Vi har eit veldig komplett miljø her, og det får vi verkeleg vist fram no, seier dagleg leiar Kristian Lundebrekke ved Måløy Verft.