Fylkeskommunen vann sak om forkjøpsrett i tingretten

Sogn og Fjordane tingrett har slått fast at fylkeskommunen kan overdra aksjar i SFE til kommunane i Sogn og Fjordane utan at dette vil utløyse forkjøpsrett for BKK, melder Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.

  Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Nyheter

Sogn og Fjordane fylkeskommune eig den største aksjeposten i Sogn og Fjordane Energi (SFE) gjennom selskapet SF Holding. Fylkeskommunen har gått til søksmål mot BKK, den nest største eigaren i SFE, for å få avklart om BKK vil ha forkjøpsrett ved ei eventuell overføring av aksjane i SF Holding når Sogn og Fjordane vert slått saman med Hordaland.

Tingretten har no slått fast at det ikkje vil utløyse forkjøpsretten til BKK om fylkeskommunen vel å overføre aksjane til kommunane i Sogn og Fjordane. BKK vart dømd til å betale fylkeskommunen sine sakskostnader.

Domstolane si vurdering er viktig for å avklare handlingsalternativa fylkeskommunen har for å sikre at verdiane som aksjane i SFE representerer, kan bli verande i Sogn og Fjordane også etter fylkessamanslåinga, melder fylkeskommunen i pressemeldinga.