Har som mål å opne friskule i 2020

Foreldre til elevar ved Kolset oppvekst er lei nedleggingsspøkelset, og vil no opne Montessoriskule med opning hausten 2020.

Svein Leirgulen (nr 2 f.v.) er blant foreldre som no jobbar for å få til ein friskule på Kolset. Her saman med Ove Leirgulen (t.v.) og Kjetil Leirgulen og Eirin Taklo.   Foto: Janne Weltzien Listhaug/Arkiv

Nyheter

– Vi gjer dette fordi vi har lyst å ha ein skule i bygda vår. Om ein fjernar skulen frå bygda, så fjernar ein lysta til andre om å komme tilbake eller flytte hit, seier Svein Leirgulen.