No blir det nytt skuleskip

Eit samrøystes fylkesting har sagt ja til investering i nytt opplæringsfartøy ved Måløy vidaregåande skule.

Det er Maritime Engineering i Knarvik som har teikna forslaget til nytt opplæringsfartøy for Måløy vidaregåande skule og Fagskulen i Sogn og Fjordane, avd. Måløy.  

Nyheter

– Ein gledens dag ved Måløy vidaregåande skule og Fagskulen i Sogn og Fjordane, avdeling Måløy, skriv den vidaregåande skulen på sine Facebook-sider.

Opplæringsfartøyet Skulebas, eigd av Opplæringsfartøy AS, er over 40 år og ved ny «klassing» i 2019 måtte det eventuelt påreknast store økonomiske investeringar.

Fylkestinget vedtok i økonomiplanen 2019-22 å setje av ei løyving i 2019 på 100 millionar kroner til nytt opplæringsfartøy. Til grunn for løyvinga låg konseptet for eit nytt fartøy utarbeidd i regi av Opplæringsfartøy AS.

Skipet vil få undervisningsrom og lugarar for 12 elevar og lærarar, utrusting og sertifisering for havfiske, laboratorium og utstyr for akvakulturopplæring og vere tilrettelagt for opplæring i navigasjon- og maskinbesetning.

Fylkeskommunen vert eigar av det nye fartøyet og vert ansvarleg for drifta av dette.