Lesarinnlegg

«Vern om Kolset skule – vent på oss!»

– Vent på oss: Ungdomar, som gjekk på Kolset Oppvekst tidlegare, ber politikarane om ikkje å legge ned den tidlegare skulen deira. – Vi er mange som no sit på gjerdet, og vi vil heim, skriv dei. Foto: privat  Foto: Privat

Nyheter

Dette lesarinnlegget er skrive av ein lang rekke ungdommar som har flytta ut frå bygdene rundt Kolset for å ta høgare utdanning og få arbeidserfaring. Sjå lista over namn under innlegget.

Vern om Kolset skule – vent på oss!

Vi er ungdommar som har flytta ut frå bygda for å byggje arbeidserfaring og ta høgare utdanning. Vi er ungdommar som sjølve har gått på Kolset Oppvekst, og vi har opplevd verdien av å ha ein skule nær oss. No ser vi med alvor på situasjonen rundt barneskulen vår og framtida til bygda vår, og vi kan fastslå at dette òg heng saman med vår eiga framtid. For korleis skal heimbygda vere ein attraktiv plass å flytte tilbake til utan skule?

Det vart referert til oss i lesarinnlegget «Kolset skule – livsnerven i bygda vår», skrive av foreldre i Kolset krins for eit par veker sidan, og som det blir kasta lys over der, sit vi no ein ganske så stor gjeng på utsida og observerer utviklinga i kommunen. Mange av oss som har vakse opp på Kolset, i Rugsund og i Leirgulen, har sterke røter til heimplassen, og difor ynskjer vi at våre stemmer skal bli høyrde no.

Ifølgje økonomiplanen for 2019-2021, er Kolset skule teken ut frå budsjettet. Også vi stiller oss svært kritiske til ei slik kortsiktig løysing! Det vert uttalt frå rådmannen at det er økonomisk gunstig å leggje ned skulen vår, og ja, på kort sikt kan kanskje Bremanger kommune spare litt ved eit slikt tiltak. Men vil det gagne Bremanger kommune i framtida? Nei, vi vil hevde det motsette, og det må forhindrast!

Det er heilt normalt at barnetalet svingar, òg i vår bygd. Då foreldra våre var unge og flytta heim frå ulike plassar i landet, var Kolset skule nede i ein bølgjedal. Så snudde det ved at nokre få flytta heim. Det fekk smitteeffekt på andre som ikkje heilt vågde å ta steget med å vere den fyrste eller den andre. Vi er resultat av denne bølgjetoppen, og vi er etter kvart blitt mange! Difor syns vi det er veldig synd om argument som manglande auke i elevtalet i skulen siste åra blir brukt mot bygda. Vi oppfordrar til å tenkje langsiktig. Dersom vi skal ha moglegheit til å busetje oss i bygda, må vi få tid på oss.

Vi er alle tidlegare elevar ved Kolset skule, og det er ingen tvil om at kompetansen vår i lesing og skriving vart utvikla på Kolset skule. År etter år har vi vore blant topp 10 på nasjonale prøver i lesing og skriving. Vi er oppdregne i gode og kjærlege familiar, som ikkje berre er opptekne av skule og utdanning, men som òg har lært oss å stå på eigne bein og gjort oss til gode samfunnsborgarar.

I ettertid har vi gått svært ulike vegar. Vi sit no med variert kompetanse med ei breidde i både utdanning og yrkeserfaring, og vi har store ambisjonar og mål for oss sjølve.

I all beskjedenheit vil vi hevde at vi er ein viktig ressurs for Bremanger kommune. Det er ikkje tvil om at det er blitt brukt ressursar på oss, og blir døra lukka for at vi kan komme heim, vil det vere eit tap.

Nokre lurer kanskje på kvar det så blir av oss? Kvifor har vi ikkje flytta heim att? Vi er i gang med både jobb og utdanning, og det tek tid. Det som er eit faktum er at fleire av oss ganske snart vil byrje vurderinga rundt kvar vi ønsker å busetje oss. Flyttar vi heim, er det viktig at der er noko å komme til. Skule og barnehage må vi ha for at det skal vere føreseieleg å stifte familie. På ein så liten plass er skulen ein møteplass, og heng tett saman med sosialt liv i bygda, fritidstilbod og arrangement. Vi ynskjer ikkje ei bygd i «forgubbing». Vi ynskjer ei i bygd i vekst med tilbod, moglegheiter og arbeidsplassar i framtida. Vil dette kunne bestå om skulen blir lagt ned? Vil vi ha noko å flytte tilbake til?

Vi har solide og kloke politikarar i Bremanger kommune, og vi ynskjer dykk lykke til den 20. desember. Unngår de nedlegging av Kolset skule, vil det føre til ei solid økonomisk investering for kommunen. Den trur vi vil lønne seg. Vit at når de behandlar skulesaka, er all vår merksemd retta mot dykk og det valet de tek for skulen vår, bygda vår og for oss unge. Vi er mange som no sit på gjerdet, og vi vil heim!

Evita Kolseth Skaar

Maria Kolseth Jensen

Runar Leirgulen

Tonje Leirgulen

Marius Gulliksen

Arne Olai Midtbø

Torine Bortne

Sindre Kolseth

Kristine Holmøy

Håvard Strømmen

Martine Almenning

Sivert Kolseth

Elling Leirgulen

Sofie Holmøy

Andrè Storøy

Henrik Holmøy

Malin Leirgulen

Thomas Leirgulen

Jeanett Isene Strømmen

Tom André Lofnes

Sander Gulliksen

Martin Kolseth Skaar

Tonje Storøy

Oline Leirgulen

Amund Leirgulen

Jon Helge Kolseth

Elise Marie Nygård

Dorthe Leirgulen

Einar Engen

Kai -Arne Kolseth

Sandra Leirgulen

Karoline Leirgulen

Tiril Olsbø

Emilie Kolseth Jensen

Hilde Gulliksen

Jeffrey Meijer

Maria Isabelle Grøneng Bortne