Sjå fleire bilde:

Bygda druknar i regnvatn

Regnet har kome ned i store mengder dei siste dagane og bygda Refvik i Vågsøy er ei av bygdene som pregast av det.
Nyheter

Fredag på dagen kunne ein sjå at markane omtrent ser ut som store innsjøar og vatnet fleire stader har omringa hus i bygda.

Samtidig fylte elvene på med meir vatn i store mengder frå fjellet.

Delvis godt nytt for Refvik og vår region er at sjølv om regnet skal halde fram framover, så skal det avta noko i mengde.

Laurdag melder meteorologane om nordvestleg bris, dreiande vestleg til kvelden. Det er tåke eller lave tåkeskyer. I ytre strok skal det småregne heile dagen.

Søndag får vi vestleg og nordvestleg bris, med auke til liten kuling på kysten. Det blir regn og regnbyger, med ei litt heftigare regnperiode på føremiddagen.

Måndag blir så ein svært våt dag igjen. Her er det meldt om ein god del regn frå tidleg ettermiddag og utover kvelden. I indre strok kan regnet kome som snø eller sludd. Det er også meldt sørleg bris som skal auke til stiv til sterk kuling utsette steder.