Stiller eit kvinnesterkt lag før kommunevalet til hausten

Bremanger Høgre innstiller Elisabeth Birkeland (39) som ordførarkandidat for partiet til kommunevalet 2019 med Harry Gulestøl som andrekandidat. Lista ellers er full av nye spennande, namn. Mange av dei kvinner.

Bremanger Høgre innstiller Elisabeth Birkeland (39) som ordførarkandidat for partiet til kommunevalet 2019 med Harry Gulestøl som andrekandidat. Lista ellers er full av nye spennande, namn. Mange av dei kvinner.  

Nyheter

Elisabeth Birkeland (Davik), Harry Gulestøl (Kalvåg), Roger Mulelid (Svelgen) og Kenneth Brekke (Bremanger) utgjer topp fire i Bremanger Høgre si nominasjonsliste for kommunevalet 2019.

Elisabeth Birkeland og Harry Gulestøl er på topp for Bremanger Høgre. Foto: Bremanger Høgre 

 

- Etter innspel frå våre medlemmar har nominasjonsnemnda lagt fram si innstilling til kandidatar, seier leiar for nemnda, noverande ordførar i Bremanger Audun Åge Røys.

På dei neste plassane følgjer:

05. Jorunn Frøyen Kalvåg

06. Johnny Røys Svelgen

07. Karstein Bakke Davik

08. Irene Holm Sæterlid Svelgen

09. Jannike B. Frøyen Kalvåg

10. Stig Atle Naustdal Bremanger

11. Wenche Frimannslund Svelgen

12. Per Røys Kalvåg

13. Maja Vedvik Svelgen

14. Jan Fredrik Fosse Kalvåg

15. Jonny Bakke Davik

16. Helene Hessevik Svelgen

17. Nardos Abraham Kalvåg

18. Steinar Ryland Bremanger

19. Gunnar Mundal Svelgen

20. Martine Fosse Kalvåg

21. Jan Kai Torvanger Bremanger

22. Zainab Shikh Hasan Kalvåg

23. Jostein Mangerøy Svelgen

24. Carola S. Vestby Kalvåg

25. Bjørn Yttrehus Svelgen

26. Roar Førde Davik

Laurdag hadde politikarane workshop for å stake ut kursen for partiet. - Det er kjekt å få inn masse, nye namn. Det er god geografisk spredning og mange kvinner. Spennande, seier Harry Gulestøl.  

 
Geografisk balanse

Nominasjonsnemnda fortel at dei har prøvd å finne dei beste folka samstundes som dei har teke omsyn til moment som geografi, kjønn og alder m.m.

- Nominasjonsnemnda har berre kumulert ordførarkandidaten, noko som gjev veljarane stor makt til å endre det endelege resultatet, seier Røys.

Klare til offensiv innsats

- Det er nominasjonsnemnda si klare oppfatning at Høgre med denne lista vil kunne stille med eit velkvalifisert og offensivt lag. Vi gjer oss klare til å sikre ordføraren og eit styringsdyktig fleirtal i kommunestyret, avsluttar Audun Åge Røys.