Tillitsvalde reagerer på at dei må gå frå møter

Representantane for dei tillitsvalde i fellesnemnda for Kinn reagerer på at dei ikkje får vere til stades i lukka saker. No undersøker leiaren i fellesnemnda om dette er rett praksis.

Reagerer på lukking: Tilsetterepresentantane i fellesnemnda for Kinn kommune reagerer på at dei ikkje får vere til stades under handsaming av saker som er unnateke offentlegheita. Leiar Kristin Maurstad i fellesnemnda undersøker no regelverket for lukking. Arkivfoto: Svanhild Breidalen 

Nyheter

– Eg undersøker no saka, og håpar å ha fått ei avklaring innan fristen dei tillitsvalde ber om, seier Vågsøy-ordførar og leiar i fellesnemnda for Kinn, Kristin Maurstad (Ap).