Meiner skulevegen er trafikkfarleg

Haugen Bygdeutviklingslag og foreldre til elevar i vidaregåande skule på Haugen har kontakta Eid kommune om den trafikkfarlege skulevegen.

Bygdeutviklingslaget og foreldre på Haugen meiner skulevegen er farleg. Illustrasjonsfoto: Google maps 

Nyheter

Bygdeutviklingslaget og foreldra meiner skulevegen langs Riksveg 15 er farleg.

– Eid kommune er samde i at dagens regelverk gjev svært uheldige utslag for elevane dette gjeld. Saka kan berre løysast på fylkesnivå eller nasjonalt nivå gjennom endring av regelverk, heiter det i saksutgreiinga til formannskapet.

Ordførar og kommunalsjef oppvekst har saman forfatta eit utkast til brev om saka til Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane og fellesnemnda for Vestland, som med blir lagt fram for kommunestyret.