Her må ein bu seg på venting

Det skal bli utført vedlikehaldsarbeid i fleire tunnelar i Bremanger onsdag.

Magnhildskartunnelen er ein av tre tunnelar som får utført vedlikehaldsarbeid. Illustrasjonsfoto 

Nyheter

Ved tre tunnelar blir det manuell dirigering på grunn av vedlikehaldsarbeid. Ventetid er cirka 15 minutt, opplyser Statens vegvesen.

Dette gjeld ved følgjande tunnelar:

Sandetunnelen på fv 572 på strekninga Dyrstad - Svelgen.

Magnhildskartunnelen, på fv 614 på strekninga Grov - Stårheim (gjeld onsdag kveld og torsdag).

Isetunnelen, på fv 614 på strekninga Grov - Stårheim.