Næringslivskonferansen Framflyt:

Ser ut over grensene for eiga framtid

Kvar du bur har mindre å seie. Det er flyt av arbeidskraft i alle retningar. Det var temaet på årets utgåve av næringslivskonferansen Framflyt.
Nyheter

Om lag 500 ungdomar var til stades, frå Måløy vidaregåande skule og ungdomsskulane i Vågsøy, Selje, Stadlandet og Eid då Framflyt UB ved MVS arrangerte konferanse tysdag. Og på dei kring 20 standane i Nordfjordhallen var det mange gode døme på at bustadadresse ikkje treng ha så mykje å seie.