Har forklart Forsvarsdepartementet om bruken av tilskot

Forsvarsdepartementet skal evaluere tilskotet som er gitt til stiftinga. Arkivfoto  Foto: Marianne S. Rotihaug

Nyheter

Forsvarsdepartementet er mellom dei som har bidrege økonomisk til Måløyraidsenteret, og departementet bad om rapport etter at dei økomiske problema blei kjende, skriv NRK Sogn og Fjordane.

I rapporten til Forsvarsdepartementet skriv styreleiar Helge Hjelle at senteret i dag har ei gjeld til kreditorane på kring to millionar kroner. I rapporten er det også vist til at kreditorane har vore villige til å gi utvida frist.

I ein e-post til NRK skriv Forsvarsdepartementet at dei har fått rapportering frå Måløyraidsenteret for 2016 og 2017, og at departementet seinare har blitt underretta av stiftinga om at det kom uventa kostnader med omsyn til istandsetjing og tilrettelegging av bygget.

– Når årsrekneskap og revisors utgreiing for 2018 ligg føre vil departementet evaluere driftstilskotet som er gitt til stiftinga, opplyser seniorrådgjevar Lisa Nordøen i e-posten.

Til NRK seier styreleiar Helge Hjelle tilbakemeldinga frå departementet var som venta.

– Vi har brukt midlane frå departementet på ein forsvarleg måte og bygd opp senteret.

Han viser til at dei har sagt opp senterleiaren for å spare lønnskostnader.

– Vi har også sendt fleire søknader til bankar og offentlege instansar der vi har søkt om tilskot. Vi har og søkt private firma om sponsormidlar. vi håpar nokon der ute ser betydninga av Måløyraidsenteret og vil hjelpe oss med midlar, seier Hjelle til NRK Sogn og Fjordane.

Per i dag blir Måløyraid-senteret drive på dugnad av styret.

– Vi held det ope og marknadsfører så godt vi kan. Vi ser fram til ein forhåpentlegvis god turistsesong, seier Hjelle.

I vinter skreiv Fjordenes Tidende mellom anna om Stiftelsestilsynet som granskar pengebruken til senteret:

Tilsynet går gjennom pengebruken

Etter ei bekymringsmelding frå Vågsøy kommune er Stiftelsestilsynet i gong med å undersøke om Måløyraidsenteret driv økonomisk forsvarleg.