Skal bestemme seg for om dei vil kjøpe fiskerihamnene

I dag, onsdag, skal kommunestyret i Selje ta stilling til om dei vil kjøpe nokre av fiskerihamnene frå Kystverket. Arkivfoto: Janne Weltzien Listhaug 

Nyheter

I onsdagens kommunestyremøte i Selje skal politikarane ta stilling til om dei vil kjøpe ei eller fleire av fiskerihamnene i kommunen.

Mange av dei statlege fiskerihamnene er i dag ikkje lenger næringsaktive som fiskerihamner og Kystverket har fått i oppdrag å avhende desse hamnene. I Selje kommune gjeld dette hamnene på Indre Fure, Drage, Hoddevik og Røysetstranda på Barmen.

Prisen på hamnene er:
Hoddevik 250.000 kroner, Indre Fure 200.000 kroner, Drage 250.000 kroner og Røysetstranda 100.000 kroner.

Rådmannen har to alternative framlegg til vedtak. Det eine inneber at kommunen kjøper Indre Fure, men ingen av dei andre hamnene. Medan det andre alternativet er ikkje å kjøpe nokon av hamnene.